Lokal | 24. aug. 2011

«Sponsar» med 10 millionar

Dei frivillige laga «sponsar» kommunen med nær 10 millionar kroner. Tilbake får dei vel 1,3 millionar.

«Sponsar» med 10 millionar
Andris Hamreonsdag 24. aug. 2011 07:18

Midtsiden.no har prøvd å setja tal på den enorme innsatsen frivillige legg ned som trenarar, lagleiarar og instruktørar i barne- og ungdomsorganisasjonane i Os.

Utan at vi har klart å fanga opp alle, og med eit forsiktig anslag med ein timepris på 150 kroner, kjem summen opp i enorme 9.762.600 kroner.

Om ungdomen ikkje hadde fått desse tilboda gjennom dei frivillige kan ein berre spekulera i kva dei kommunale utgiftene ville ha vore for å gje barn og unge eit tilsvarande tilbod.

- Eg er sikker på at vi sparer kommunen for enorme summar kvart år gjennom det haldingsskapande og førebyggjande arbeidet vi gjer på Kuventræ og i idrettshallen kvar einaste dag, seier leier i Os Turn Håkon Andree Egeberg Johansen.

- Eg er veldig interressert i å høyra kva dei politiske partia er villige til å forplikta seg til i forhold til dei frivillige i den komande fireårsperioden, legg Egeberg Johansen til.

Nedst i artikkelen finn du ei samla oversikt.

Enorm dugnadsinnsats

Utanom dei daglege treningene og instruksjonane kjem eigeninnsatsen dei foresette gjer gjennom dugnadar i samband med arrangement. Desse er ikkje tatt med i reknestykket og kjem i tillegg.

- Vi har to store arrangement som vi bruker mykje ressursar på, fortel Erling Andersen i Søfteland Turn og idrettslag.

- På Ulvenmarsjen har vi 10-15 funksjonærar i sving, medan vi i Bergen Fjordtour i samband med Knarvikmila mønstrar 30-35 føresatte.

- Det er ein ikkje ubetydeleg arbeidsinnsats dei legg ned heller, meiner Andersen.

Nore Neset Handball og Os Turn Handball gjennomfører alle sine kampar i idrettshallane med frivillig innsats frå foreldra i sekretariat og billettlukar.

Om vi skulle rekna med foreldreinnsatsen i tillegg kunne vi truleg dobla beløpet som frivillige legg ned for å gje barn og unge eit sportsleg eller kulturelt tilbod.

Kulturmidlar og idrettstilskot

Os kommune deler i 2011 ut 1.340.000 kroner i kulturmidlar, tilskot til idrettsanlegg og som frie søkbare midlar.

- Både når det gjeld kulturmidlane og tilskota til idrettsanlegg så legg vi vekt på aktivitet for born og unge, fortel kultursjef Lisbeth Axelsen.

- Dei om lag 200.000 kronene som blir løyvd etter søknad går mellom anna til kostnadane i samband med UKM.

- Midlane er frie, så lag, organisasjonar og private som har eit godt tiltak/arrangement dei treng pengar til er velkomne til å søkja, seier Axelsen.

Hjelp til dei frivillige

Kultureininga på kommunen ser på det å hjelpa dei frivillige laga som ei av dei viktigaste oppgåvene sine.

- Ikkje minst det å hjelpa til med å søkja om midlar/tilskot utanfor kommunen (t.d. spelemidlar) er noko vi bruker mykje tid på.

- I tillegg har vi hatt reduserte prisar for leige i Fjellheim og har satt av midlar på budsjettet i år for å få lågare leigepriser i Oseana, så noko meir enn dei reine tilskota bidreg kommunen med, forklarar Axelsen.

Kommunen driftar òg to musikkbingar og eit skateanlegg som ikkje kjem fram i denne rekneskapen. Det gjer heller ikkje kunst- og kulturskulen.

Så mykje bidrar laga med

Berekninga er gjort med ein timepris på kroner 150. Informasjon om antall lag og timar aktivitet per veke er henta frå idrettskretsen og laga sine eigne nettsider, samt den tildelinga kommunen har gjort av innandørs trening i hallar og gymsalar.

Sum Totalt 9.762.600,- Fotball Os Turn Fotball 1.836.000,- Lysekloster fotball 756.000,- Jada 378.000,- Søre Neset Fotball 702.000,- Nore Neset Fotball 1.080.000,- Søfteland Fotball 648.000,- Øyglimt Fotball 270.000,- Sum Fotball 5.670.000,- Håndball Os Turn Håndball 1.404.000,- Nore Neset Håndball 702.000,- Lysekloster Håndball 162.000,- Sum Handball 2.268.000,- Andre idretter Os Turn Friidrett 126.000,- Os Turn Turngruppa 108.000,- Søfteland friidrett 224.400,- Søre Neset Volleyball 138.000,- Os Roklubb 229.200,- Nore Neset idrettskule 18.000,- Os kickboxing 57.000,- Os karateklubb 249.000,- Os svømmeklubb 162.000,- Os basketballklubb 54.000,- Os Taekwon-do klubb 69.000,- Os Skyttarlag 24.000,- Bjørnefjorden Golfklubb 45.000,- Os MC&MX klubb 60.000,- CK Henie 18.000,- Sum andre idrettar 1.581.600,- Andre aktiviteter Os og Kuventræ skulekorps 63.000,- Nore Neset skulekorps 24.000,- Barnekor i Os kyrkja 24.000,- KFUM/KFUK Speideren 72.000,- Os og Kolskogen Speidergruppe 36.000,- Join Us – ungdomskor 24.000,- Sum andre aktiviteter 243.000,-

Årskostnaden er rekna til 40 veker per år. Det er lagt inn 30 minutt førebuingar kvar veke. Der kor ikkje antall trenarar/instruktørar har vore oppgitt har vi gått ut frå to per lag/gruppe. Der aktivitetsnivå i høve til stemne, kampar og lignande har vore mogleg å finna er tid brukt på dette lagt inn i reknestykket. Vi tek atterhald om at berekningane knytta til dette kan vera noko upresist, men har freista å gjera eit forsiktig anslag.

Lista er truleg ikkje uttømmande, då det kan vera lag og organisasjonar vi ikkje har fanga opp. Beregningane er gjort for lag/grupper med medlemmer opp til 18 år. Seniorlag/-grupper og lag som driv aktivitet for hovudsakleg vaksne er difor utelatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.