Lokal | 09. feb. 2018

Spørsmål til Vegvesenet

Lesarinnlegg: Helge Steinum (Ap) har fleire spørsmål til Signe Eikenes i Statens Vegvesen.

Spørsmål til Vegvesenet
Helge Steinum (Ap) har fleire spørsmål til Signe Eikenes og Statens Vegvesen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 09. feb. 2018 11:00

Eg syner til oppslag på Midtsiden der Statens Vegvesen gjer greie for sine svar på dei mest vanlige spørsmåla kring Hordfast. Underteikna vil gjerne ha svar på nokre andre spørsmål kring dette prosjektet og håpar at det vil vera mulig for SVV og gje svar på desse også, sjølv om dei kanskje ikkje er dei mest vanlige som vert stillt i denne saka.

Framdrift

I NTP for perioden 2018-2029 er ambisjonen om ferjefri E39 innan 20 år forlatt og det skal utarbeidast ein ny framdriftsplan for prosjektet.

  • Vert det arbeida med ein ny framdriftsplan også for prosjektet Hordfast og når vil denne eventuelt vera klar?

Overordna nasjonale målsettingar og trafikkgrunnlag for Hordfast

Ei sentral målsetting i NTP er å overføra meir gods frå veg til sjø og bane og det vert gjort store investeringar for å byggja opp under dette.

  • Kva konsekvenser vil målsettinga om overføring av meir gods frå veg til sjø og bane ha for SVV sine vurderingar når det gjeld godstransporten si betyding for finansiering og dimensjonering av prosjektet?
  • Kva analyser er gjort for godstrafikk på E39 og på strekninga Hordfast?

Det vert hevda frå SVV at prognosane for trafikkvekst over Hordfast (femdobling når prosjektet er nedbetalt) ikkje vil medføra trafikkvekst inn mot Bergen.

  • Kan SVV gje ei utdjupande forklaring og dokumentasjon for denne påstanden?

Overordna målsettingar kollektivtransport

I plandokumentet om Hordfast vert det peika på nokre viktige overordna nasjonale transportmål og korleis desse vert svara ut i prosjektet, sitat:

• «Byar: All auke i persontransport skal takast med kollektivtransport (buss, tog, bane), sykling og gange

• Regionar: Bidra til regionforstørring

• Mellom byar og regionar: Redusere avstandskostnader og styrke godstransporten

• • Ny E39 mellom Stavanger og Bergen støttar opp om dei to siste transportmåla. Det er likevel viktig også å ha med seg det første målet. Ved å leggje til rette for gode løysingar for kollektivtransporten og overgangar mellom transportformer, unngår ein unødig trafikk inn i byane».

  • Korleis vil SVV handtera det vidare arbeidet med å ivareta den første målsettinga om auka andel kollektivtrafikk? (Det vert i denne samanheng også synt til dokumentet som no er ute på høyring «Byutredning for Bergen» der det vert føreslått trafikkdempande tiltak i Bergen og omegnskommunane)
  • Dersom målsettinga om auka kollektivandel og unødig trafikk inn til byane vert nådd, er det gjort berekningar på kva konsekvensar dette kan få for bompengeinntekter og trafikkprognosar i prosjektet Hordfast?

Finansiering

I handlingsprogrammet for NTP er Hordfast er finansiert med om lag 14,3 milliardar i statlig tilskot og 5 milliardar i bompengar i perioden 2024-2029. Prosjektet er altså ikkje fullfinansiert og innkreving av bompengar kan starta når snora vert klypt.

  • Kva er den vidare tidsplanen for fullfinansieringa av prosjektet?
  • Er kostnadsramma på om lag 35 milliardar i dagens kronerverdi eller vil det påløpa auka kostnader i takt med prisutvikling til prosjektet er ferdigstillt?
  • Kva vil rentekostnadane for bompengedelen vera i og med at ein stor del av prosjektet vil vera lånefinansiert i anleggsperioden og innkreving skal starta opp ved ferdigstillelse?
  • Kva vert prisen for å kjøra med bil frå Stord til Bergen sentrum dersom ein nyttar oppdaterte tall på dei tre bompengeprosjekta, Hordfast, Svegatjønn-Rådal, Bomringen i Bergen?

Kontraktsforhold

Offentlige utgreiingar har synt store kostnadsoverskridingar på store samferdsleprosjekter i perioden frå dei første planane vart vedtatt til ferdig utbygd prosjket.

  • Korleis vil SVV sikra styring og kontroll med dette prosjektet?
  • Har SVV handtert einskildskontraktar i størrelsesorden 17 milliaradar (som er kalkylen for bruprosjektet) tidligare og vert brua ei kontrakt?
  • Prisen for brua er i dag kalkulert til 17 milliarder, korleis kan SVV garantera at dette også vert prisen frå utbyggjar når prosjektet skal realiserast?
  • Kva er kostnadsramma på den største einskildkontrakta SVV har pr. d.d.?

Helge Steinum
Bjørnafjorden Arbeidarparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.