Dragesetgården, her før Joker-skiltet blei tatt ned. I neste veke er det innflytting i etasje 2 til 4, på gateplan kjem Tiny Trolls med ei sportsavdeling. (Foto: KVB)

Sport Norge-gründerane opnar butikk i Dragesetbygget

Joker-lokalet blir i haust fylt med både barneklede og sportsartiklar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Skeie-brørne og Odd Arne Larsen, som står bak både Sport Norge, Sport Outlet og Elements Production, får sin første butikk på Osøyro. Butikken «Tiny Trolls of Norway» flyttar frå Fana til Os sentrum. I det same lokalet på gateplan i Dragesetbygget blir det permanent vareprøveutsal for Elements Production.

– Vi har nyleg blitt einige med Fremre Eiendom. Eg jobbar i desse dagar med å bestilla handverkarar og koordinera innreiing av lokalet, seier Jan Frode Skeie.

NorgesGruppen har kontrakt i 7 år til, men vil etter Joker blei nedlagt ikkje bruka lokalet sjølv. Dermed har Fremre kunna ordna med framleige.

– Målet er å opna i november, men det er for tidleg å seia dato no.

Tiny Trolls of Norway er ei gründerverksemd frå Fana, etablert av tidlegare eigar av ein barnehagekjede, med eigendesigna barneklede som har fått internasjonal merksemd.

Elements Production er eit av dei største selskapa i Os, søsterselskap av Sport Norge og Sport Outlet, som driv design, produksjon og import av sportsvarer og tekstil for over 300 millionar kroner i året.

• Les òg: Går nasjonalt med ny kjede

Overtok småtrolla frå Fana

Elaine Kobbeltvedt, som starta sin første barnehage i 1988, og selte Bergenshagene-kjeda i 2014, starta i 2015 Tiny Trolls of Norway saman med Line Holmedal Wallem.

• Les òg: Vil holde småtroll tørre og varme (Fanaposten 2015)

Med erfaring frå nesten tre tiår med barnehagedrift fekk dei designa og skreddarsydd barneklede for ungar frå 74 cm (9 mndr) til 128 cm (8 år). Kleda deira har blant anna hausta merksemd på New York Fashion Week.

– Dette er ei aldersgruppe vi i Sport Norge og Sport Outlet har hatt lite utval til, seier Skeie.

Elements Production kjøpte Tiny Trolls i fjor, og overtok både design og produksjon av kleda. Den første kolleksjonen deira blei nyleg lansert.

Flyttar butikken til Osøyro

Årsakene til at eigarane vil flytta Tiny Trolls frå Fana til Os sentrum er fleire.

– Varene sel frå både butikk i nettbutikk. Butikken i Fana blei liggande litt dårleg plassert etter at Bybanen kom, langs banen, men utan at stoppestad og med lite parkeringsplassar.

– I tillegg ønskjer vi å følgja opp butikken tett, det blir noko enklare når den er i Os, nær hovudkontor og lager i Ådnamarka, forklarer Skeie.

– Dei flinke damene i Tiny Trolls blir med på flyttelasset, understreker han.

Sportsvarer til svært låg pris

Då «Drageset-hjørnet», lokalet der Drageset og Joker heldt til, blei ledig, slo dei etterkvart til.

• Les òg: «Drageset rådhus» klart om ei veke

– Det er eit stort og flott lokale, men dessverre for lite til både Sport Norge og Sport Outlet. Men til Tiny Trolls trur vi det er perfekt.

– Vi får dessutan plass til ei avdeling med sport. Her kjem vareprøveutsal for Elements Production.

Tekstil, sko, telt og ulike andre, hardare varer, skal prega utvalet i denne delen av lokalet.

– Vi får inn veldig mange vareprøver, både frå eigen produksjon og andre leverandørar. Av og til har vi hatt utsal av desse oppe på lageret, med stor suksess. No får vi rydda lageret året rundt, avdelinga i Os sentrum blir eit permanent utsal.

– Utvalet vil naturlegvis variera mykje frå veke til veke, men heile tida til veldig låge prisar.

Etter innflytting er heile den 1800 kvadratmeter store Dragesetgården fylt opp, med unntak av eit lokale med salsflate på 70-80 kvadratmeter.

Fleire saker