Kultur | 09. des. 2010

Sporty kulturdirektør

Han har full fokus mot opninga av Oseana, men aller helst skulle han nok ha vore ein stad med bakkar, sol og puddersnø.

Sporty kulturdirektør
Andris Hamretorsdag 09. des. 2010 09:34

Oseana-direktør Kim Kristoffersen er ein lidenskapeleg alpinist.

I 30 år har han hatt sesongkort i bakkane på Voss. I år er han ikkje sikker på at det er den beste investeringa denne vinteren. Ikkje fordi det ikkje blir bra forhold på Voss, men fordi det er mykje som skal på plass før Oseana skal stå ferdig i månadsskiftet april/mai.

– Kva løysing trur du er best når det gjeld billettsystem, spør Kim Kristoffersen då Midtsiden møter han til ein førjulsprat.

– Det er det som gjer meg søvnlaus om dagen. Alle dei forskjellige datasystema vi må få på plass. Det finnest ikkje eit einaste system som dekker alle behova vi har, frå billetter og allokering av rom til nettsider og handtering av førespurnadar, forklarar Kristoffersen.

– Reis ut
Kim er vant med forskjellige utfordringar og å måtta ta ting på sparket. Med mange år innan hotell og event-bransjen har han fått god erfaring å løysa problem på strak arm. Han har utdanning innan hotellfag. Tatt i dei sveitsiske alpene. Ideelt for ein skientusiast som Kim.

– Innan ein time frå skulen finn du 8 skistedar på øvste hylle. Eg må innrømme at om det var ein dag der det hadde komme 20 cm nysnø så var det nok bakkane, og ikkje skulebenken, som fikk mi merksemd, ler den skiglade direktøren.

– Men alvorleg talt så bør alle ungdomar reisa ut ein periode av utdanninga si. I tillegg til å læra språket godt, så bygger du eit nettverk og ser Noreg med litt andre auge enn du gjer om du tar heile utdanninga her på berget.

– Den gjengen som eg gjekk saman med i Sveits er no spreidd over heile verda, men vi møtast kvart år til julebord for å pleia vennskap og slå dårlege skrøner i kvarandre, fortel ein entusiastisk Kim.

– Men kvifor blei det hotellfag på deg?

– Eg visste ikkje kva eg skulle bli då eg var ferdig på Gimle gymnas så eg tok først eit år i USA og eit år i militæret før eg gjekk på ei utdanningsmesse. Der møtte eg ei entusiastisk dame i May Britt Larsen som viste bilde og fortalte om hotellutdanninga i Sveits. For ein skigut som meg var det ikkje vanskeleg å la seg freista då ho viste bilde frå bakkane.

– Då utdanninga var støtta av lånekassa så var eigentleg ikkje valet så vanskeleg. Det måtte bli Sveits.

Bygut med slekt frå Midtsæter
Kim er fødd og oppvaksen på Kronstad og seinare i Åsane. Frå Åsane gjekk turen tilbake til sentrum og Fridalen.

– Sjølv om eg er bygut har eg røter i Os. Tippoldefar min kjem frå Midtsæter i Hegglandsdalen. Han hadde òg planar om å reise ut, men medan han gjekk på styrmannsskulen blei han råka av spanskesjuka og kom seg aldri til sjøs. I staden blei det arbeid på Os Treindustri i alle år, fortel Kim.

Helgene på Voss
Forholda for skigåing er ikkje dei beste på Kronstad og i Fridalen, så mest kvar helg om vinteren reiste familien Kristoffersen til Voss for å stå på ski.

– Vi leigde eit gamalt skulehus på Voss, som vi hadde som base. Far min hadde sesongkort i Bavallen i 25 år. Sjølv har eg hatt det sidan eg var 6 år, så Voss og bakkane der har vore ei viktig del av barndommen min, fortel Kim.

– Det prøver eg å gje vidare til mine eigne born. Eg er gift med ei vossajente, så det å reise til svigermor og stå på ski er noko gjer så ofte vi kan. Det finnest ikkje betre forhold for laussnøkøyring enn på Voss når vêret er perfekt, seier han med entusiasme.

16 gongar til Shetland
I tillegg til skikjøring har Kim ein annan lidenskap – segling.

– Eg har vore til Shetland seksten gonger i Shetland Race, men aktiv regattasegling er ikkje lett å kombinera med livet som småbornsfar, så eg har lagt det litt på hylla no, fortel Kim.

– Farvatnet i og rundt Os kjenner eg godt frå tida som aktiv seglar, og eg håper eg ein dag kan ta opp igjen hobbyen og ta kona og ungane med i den vakre skjergarden her ute.

Viktig å engasjera seg
Fram til han kjem seg på sjøen igjen går tida med til å følgja ungane på deira fritidsaktivitetar.

– Dei er allsidige med handball, kor, dans og allidrett, så mykje av fritida går med på å følgje dei i forskjellige hallar og på øving.

– Eg synes det er utrulig gjevande å vera del av ein klubb som eg er med ungane. Det å ha vaffelvakt eller billettsal på deira arrangement er ein fin måte å bidra til fellesskapet på.

– Det er mange som gjer ein fantastisk innsats for andre sine ungar rundt omkring, seier direktøren som snart får ansvaret for øvingslokala til både kulturskulen og andre frivillige lag i Osbygda.

– Og så trur eg ungane har godt av å vera del av det fellesskapet dei får på eit lag og i ein klubb. Dei lærer seg å oppføra seg i forhold til andre og å ta i mot beskjedar frå andre enn oss foreldra. Det trur eg er viktig lærdom.

Skal under 5 timar
Sjølv om mykje av fritida går med på å følgje opp ungane har Oseana-direktøren sett seg eit viktig mål for vinteren.

– Eg har kasta meg på sykkelbølgja og saman med ein kameratgjeng har vi starta Team IML (I Møreste Laget).

– Vi syklar mellom anna Bergen – Voss. Huff, nei dette burde eg ikkje si til pressa, men eg har altså eit mål om å klara det på under fem timar neste gong, seier ein litt sveitt Kim.

Heldigvis for han så gjev turen frå Bergen til Os og heim igjen ein god del «gratis» trening.

– Eg prøver å sykla til jobb eit par-tre gonger i veka, men det er ikkje alltid det let seg gjera.

Held på tradisjonane
Som småbarnsfar er Kim oppteken av at jula er ungane si tid. Han synes det er viktig å halda på tradisjonar.

– Jula er ei viktig tid for ungane. Eg synes at det kanskje har blitt litt mykje mas rundt jula, derfor er det viktig å halda på tradisjonane og ikkje gløyma bodskapen oppe i det heile, avsluttar Oseana-direktør Kim Kristoffersen.

Og tradisjonelt blir det for Kristoffersen og familien. Julaftan blir feira med pinnekjøt heime i Bergen, før turen går til svigermor på Voss og familiedagar med systera og familien som kjem frå Oslo.

No kryssar han berre fingrane for gode skiforhold i romjula så han får litt igjen for pengane han har brukt på sesongkortet i heisane.

Artikkelen er òg publisert i papirutgåva av Midtsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.