Sport | 01. sep. 2014

Sprang seg opp 45 plassar

Dagsformen var dårleg, men Thomas Andersen fullførte 168 km lange UTMB og landa på 37. plass av 2.300 (!) deltakarar.

Sprang seg opp 45 plassar
Thomas Andersen, her under trening nokre dagar før løpet. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 01. sep. 2014 10:41

The North Face Ultra-Trail du Mont-Blanc består av fem løp og har til saman 6.500 deltakarar.

I fjor landa osingen Thomas Andersen frå Team Salomon på 7. plass i 119 km lange TDS, året før kom han på 11. plass.

Men i helga prøvde han seg på det lengste av dei fem løpa, 168 kilometer langt og 9.600 høgdemeter.

– Det er det lengste eg nokosinne har løpt i eitt strekk. Då eg sprang over Hardangervidda blei det 15-16 mil, men det var over tre dagar og med langt mindre høgdeforskjell.

– I tillegg var ikkje dagsformen der. Eg fekk sting og hadde sting heile løpet. Det har eg sjeldan hatt før. I tillegg sparka eg i ein stein og fekk smerter i ei tå tidleg i løpet. I nedoverbakkane, der eg plar henta inn deltakarar, blei eg i staden henta inn av andre, fortel Thomas.

Han kan likevel vera nøgd, både med å fullføra og å koma i mål på 39. plass uansett kjønn, 37. plass for herrar og ein imponerande 11. plass i sin aldersklasse.

26 timar samanhengande løping

Starten gjekk fredag ettermiddag, laurdag kveld, etter 25 timar og 46 minutt samanhengande løping, kom Andersen i mål.

– Terrengløp er enorm stort i Europa og både ved start og målgang var det enormt med folk.

– Det gav eit bra kick å koma inn mot målgang der det sto mange tusen å heia oss fram. Du blir nærmast tatt imot som ein gud på sånne løp.

Vinnaren, François D'Haene, kom i mål på 20 timar og 11 minutt, beste kvinne, Rory Bosio, brukte 23 timar og 23 minutt.

Sprang seg inn over 40 plassar

Andersen var del av det seeda feltet med 300 løparar og rangert som topp 100 med startnummer 95.

Etter 64 km låg han på 86. plass, men så byrja han å vinna terreng.

– Det er tøft psykisk med så lange løp, spesielt om du slit litt med formen. Men eg forbante meg på at eg skulle fullføra.

Etter 94 km unnagjort låg Thomas på 66. plass, etter 134 km låg han på 49. plass. Dei siste 34 km henta han inn yttarlegare 10 plassar.

Thomas var 6. beste av Salomon-løparane. Alle i topp 3 har same sponsor som osingen.

Eit «kort» løp i Italia

Sesonger er på hell, men Andersen har eit par løp igjen før 2014 er over.

– I oktober skal eg springa eit kort løp i Italia, fortel han.

Kort løp betyr i denne samanheng 55 km.

– Og så har eg meldt meg på Bislett 24t på gøy. Det er 24 timar med løping innandørs, under tribunane på Bislett. Du spring i 12 timar og så snur du og spring 12 timar den andre vegen, humrar, Thomas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.