Spraya peparspray
Politiet: Ein uønskt gjest spraya peparspray i augo på fleire festdeltakarar natt til sundag.
I halv tre- tida natt til sundag fekk politiet melding om bråk på ein fest i eit selskapslokale i Os.
– Det var ein person som var uønska på festen og som ikkje fekk koma inn som lagde bråk, fortel Bjarte Rebnord, operasjonsleiar i Hordaland Politidistrikt.
Personen likte ikkje at han ikkje fekk koma inn og tok fram peparspray som han spraya inn i folkemengda.
– 3-4 personar fekk stoffet i augo, noko som ikkje er særleg behageleg.
Med hovudet i vasken
Rebnord fortel vidare at det ordna seg realtivt fort for festdeltakarane som blei spraya etter at dei stod med hovuda i vasken for å skylja av stoffet.
Politiet kom i kontakt med personen med peparsprayen og ein som skal ha vore med han.
– Vi har ikkje oppretta sak på hendinga, men dei som blei utsett for peparsprayen kan bestemma seg for å melda mannen.