Det var i samband med arbeid på ei tomt der Inka skal utvida, at uhellet skjedde. (Foto: Henrik Vågen)

Stort sprengingsuhell i Øyane

Fleire hus og bilar skadd av stein.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klokka 18.38 måndag kveld fekk politiet melding frå den første av fleire naboar til ein anleggsplass på Gjelevika i Røtingavegen.

– Dei første meldte om eit uvanleg stort smell, dei neste fortalde om skadar på bilar og hus.

– Ein av dei fekk stein inn på kjøkkenbordet, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Ungar på trampoline uskadd

Minst to hus og fleire bilar har fått knuste ruter og skadar i karosseri. Tak på naust og nokre hagemøblar er òg skadd.

– Vi har nyleg sendt ein patrulje til ut på staden, då det har kome inn fleire meldingar om skader.

Det er ikkje kome inn melding om skade på personar.

– Nokre ungar skal ha leika på ei trampoline i nærleiken. Det landa stein i nærleiken, men ungane er heldigvis uskadde.

Fleire saker