Lokal | 09. jan. 2017

Sprøyta 1700 tonn sement inn i fjellet

Veidekke er ikkje berre opptatt av å laga hol mellom Os og Bergen - fleire stadar handlar det om å få det tett.

Sprøyta 1700 tonn sement inn i fjellet
Det er til saman injisert sement inn i over 1400 meter lange hol i «paraply» over tunellane mellom Os og Fana, her i Lyshorntunnelen. (Foto: Geir Brekke, SVV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. jan. 2017 18:54

Fem injeksjons-riggar i bruk ulike plassar på E39 Svegatjørn–Rådal.

Injisering av sement er ein vanleg del av mange tunnelanlegg, då det ofte er krav til kor mykje ein kan godta av vatn i tunellane, for å unngå å skada naturen over tunellinja og for å stabilisera dårleg fjell.

– Ved årsskiftet er det brukt kring 1700 tonn sement inn i fjellet før tunneldriving og sprenging på E39 Svegatjørn-Rådal, melder Statens vegvesen.

1,5 km med «årer» i fjellet

Det har ikkje vore tiltak mot vasslekkasjer på tunneldrivinga frå rv. 580 Flyplassvegen mot Sørås og Nordås i Bergen.

Men i den sørlege delen av prosjektet, i dei to tunellane mellom Fana og Os (Lyshorntunnelen og Skogafjellstunnelen), har det vore mange injeksjonar.

Injeksjonen blir bygt som ein «paraply» rundt tunnelen, som sikrar at vatnet ikkje trenger inn. Det er så langt sett inn injeksjonsmasse i totalt 1.435 meters lengde i tunnelane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.