Kultur | 13. sep. 2014

Staalesen til Os

I september kjem Gunnar Staalesen på forfattarmøte i biblioteket.

Staalesen til Os
Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy
Kari M. Lyssandlaurdag 13. sep. 2014 09:08

I september inviterer Os Folkebibliotek til to forfattarmøter, og først ut er Gunnar Staalesen 15. september.

– Hausten er ei god årstid for lesing og litterære opplevingar så vi ønskjer å invitere til forfattarmøter med aktuelle tema, seier biblioteksjef Elisabeth Bochkon Tøsdal.

– Ein dyktig dramatikar

Folk tenkjer ofte på krim når ein snakkar om Staalesen, bøkene hans om privatdetektiven Varg Veum er omsett til mange språk og har blitt filmatisert.

Han har gjennom åra som forfattar vunne fleire prisar, blant anna Kaliberprisen og Rivertonprisen både i 1975 og i 2012.

- Staalesen er òg ein dyktig dramatikar og no har han dramatisert og skrive songtekstane til DNS si oppsetting av Amalie Skrams Hellemyrsfolket, som har urpremiere 13. september, fortel Tøsdal.

Det er Amalie Skram og Hellemyrsfolket, firebandsverket om folket i Hellemyren Staalesen kjem for å snakka om i biblioteket denne kvelden.

Neste forfattarmøte er med forfattar Edvard Hoem 24. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.