Lokal | 19. juli 2009

Stabil

Tilstanden til 19-åringen som hamna under ein bubil var sundag kveld kritisk og ustabil. Måndag var tilstanden framleis alvorleg. (Oppdatert måndag kveld)

Stabil
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 19. juli 2009 23:55

MC-føraren som kolliderte med ein bubil på Søfteland blei hardt skadd.

- Tilstanden er kritisk og ustabil, seier kommunikasjonsrådgjevar Geir André Bakke frå Helse Bergen til midtsiden.no.

- Han blir operert i kveld, opplyser han.

Måndag morgon har tilstanden forandra seg til alvorleg og stabil.

- 19-åringen får intensivbehandling, seier Bakke klokka 7.30.

Ifølgje Os lensmannskontor er det ikkje mistanke om promille eller høg fart på verken bubil eller motorsykkel.

Måndag kveld får midtsiden.no melding om at tilstanden framleis er alvorleg, men stabil.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.