Sport | 29. okt. 2014

Stakk av med dobbelt opprykk

Søre Neset tapte den avgjerande kampen og Valestrand-Hjellvik jublar over opprykk også med andrelaget.

Stakk av med dobbelt opprykk
Valestrand-Hjellvik kan i kveld feira dobbelt opprykk. F.v.: Supportarane Arno S. Isvik, Emil Hartveit og Tore Daltveit. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. okt. 2014 20:50

Etter 1-0-tap på bortebane laurdag måtte Søre Neset vinna heimekampen i kvalifiseringa til opprykk til 5. divisjon i kveld.

Og det såg lenge bra ut, Søre Neset/Nore Neset leia to gongar, men gjestane stakk av med sigeren etter skåring på tre dødballar.

Søre Neset/Nore Neset - Valestrand Hjellvik 2: 2-3 (1-1)
Målskårarar, Søre Neset: Preben Knutsen og Arvid Rabben

Preben Knutsen gav Søre Neset leiinga, men gjestane utlikna på eit frispark som sendte keeper éin veg, mens ballen gjekk via muren motsett veg.

Arvid Rabben, også han lånt frå samarbeidsklubben Nore Neset, gav Søre Neset leiinga igjen, men 2-1 var ikkje godt nok til opprykk ettersom Søre Neset ikkje hadde skåring på bortebane mot Valestrand Hjellvik 2.

Gjestane utlikna på corner, som Søre Neset-keeper prøvde å boksa ut, men i staden slo i eige mål. Også 2-3 kom på corner og kampen var avgjort.

Leverte protest

– Borte burde vi vunne, i dag møter vi eit sterkare lag. Dei stilte med ny keeper, ny høgreback, ny kaptein og ny spiss, fortel Søre Neset-trenar Kenneth Svenningsen.

Han leverer prostest etter kampen.

– Valestrand-Hjellvik har sjølv fortalt at dei har vore smarte og ført opp mange A-lagsspelarar på dommarkorta gjennom sesongen, sjølv om dei ikkje har spelt, så dei hadde mange klare ved eventuell kvalik.

– No vil eg la kretsen gå gjennom spelarane, at ikkje dei har slått oss med 4. divisjonslaget sitt.

A-laget til Valestrand-Hjellvik rykte i haust opp frå 5. til 4. divisjon.

Nore Neset/Søre Neset 2 har som kjent gått opp frå 7. til 6. divisjon, men sidan Nore Neset skal styra begge 11-arlaga neste sesong må dei også i 2015 stilla med eitt lag i kvar divisjon. Dermed gjekk det i kveld frå mogleg dobbeltopprykk til ingen opprykk for dei to seniorlaga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.