Lokal | 20. okt. 2009

Stakk av - tre gongar!

Politiet var hakk i hæl på mannen som til slutt kom seg vekk i båt. Korleis kom han seg unna?

Stakk av - tre gongar!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. okt. 2009 08:56

Mannen som stakk frå politiet i Rolvsvåg natt til måndag, kom seg ut på hovudvegen før politiet rakk å sjå kva veg han stakk. Sidan dei ikkje visste om han kjørte mot Os eller Samnanger, blei det ikkje biljakt på veg mot Os.

I Os fekk politiet beskjed om å sjå etter den sakna bilen, noko dei gjorde. Dei såg bilen i sentrum, men sjåføren ville ikkje stoppa. Politiet la seg etter til Strøno, der mannen stakk av til fots.

Kvifor klarte ikkje politiet å ta han? Sprang han for fort? Ville ikkje politiet uti sjøen? Fleire Midtsiden.no har snakka med, har vanskar for å sjå for seg kva som skjedde i Sørstrøno måndag morgon.

- Vi var etter han, men då han hamna i sjøen fekk han eit forsprang, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

- Var det slik at han sumte over til ei anna øy, slik det først sto på bt.no? Eller vassa han over eit sund?

- Han hamna i sjøen, men gjekk på land eit stykke lengre borte på same øy. Terrenget var bratt, så vår patrulje måtte gå rundt.

- Vurderte ikkje nokon av betjentane å følgja etter i sjøen?

- Vi kunne gjort det, men då hadde vi samstundes fått ein mann ut av drift. Om jakta blei lang måtte vi sendt den våte betjenten heim, og det ville vi ikkje, seier Sperrevik.

Fleire hundepatruljar leita etter mannen måndag, og bilar som kjørte frå Strøno blei kontrollert i vaktpost ved brua. Men det var ein privatperson som oppdaga kvar han truleg tok vegen.

- Eg såg våte spor i naustet. Hundane må ha gått rett forbi. Ein båt som låg til kai var vekke, det var då eg kontakta politiet, fortel han.

Båten blei seinare funnen igjen på Lepsøy. Mannen er vekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.