Lokal | 06. mai 2017

Stakk frå Os - blei stoppa på ferje i Hardanger

Osingen som rista av seg to politibilar innover Rolvsvåg i går, blei stoppa på veg til Årsnes.

Stakk frå Os - blei stoppa på ferje i Hardanger
Her på Årsnes blei den mistenkte bilføraren stoppa, i det han skulle av ferja frå Gjermundshavn klokka 19.35 fredag kveld. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no/97975200)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 06. mai 2017 11:01

Bildeserie:

Politiet gav opp mellom Os og Samnanger. (Foto: KVB)
Politiet gav opp mellom Os og Samnanger. (Foto: KVB)
Audien forsvann for politiet, men blei gjenkjent på ei ferje i Hardanger. (Google Maps)
Audien forsvann for politiet, men blei gjenkjent på ei ferje i Hardanger. (Google Maps)
1 av 2

Klokka 17.44 fredag, i rundkøyringa i Os sentrum, starta noko som av fleire vitne blir skildra som ei vill ferd opp Hatvikvegen og inn Hegglandsdalen.

Føraren av ein svart Audi nekta å stoppa på signal frå sivil politi, og gav gass med to politibilar etter seg med fule sirener frå Os mot Samnanger.

– Patruljen kjente han igjen. Det er ein mann i 20-åra frå Os som ikkje har førarkort. Vi kjenner namnet hans og vil ta ein prat med han seinare, sa operasjonsleiar klokka 18.18, rett etter at dei hadde gjeve opp jakta.

Fredag kveld fekk Midtsiden tips om at den mistenkte var stoppa på ei ferje, eller i det han skulle av ferja.

– Politiet tok hand om førar på ferja mellom Gjermundshavn og Årsnes klokka 19.35, ei truverdig, anonym kjelde til Midtsiden.

Oppdatert: Politiet stadfestar at bilen som blei stoppa på Årsnes er den same som stakk frå Os. Det var ein patrulje frå Odda som rykte ut til ferjesambandet.

– Bilførar var ikkje åleine, men hadde med seg ein kvinneleg passasjer. Også ho skal vera frå Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.