Næringsliv | 30. apr. 2012

Stakk frå rekning på 6700 kroner

Etterlyste båtførar: – Eg trur ikkje han skjønte det sjølv, men han fylte tanken og stakk utan å betala, fortel Inglaug Brimsholm.

Stakk frå rekning på 6700 kroner
Vedholmen Landhandel. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 30. apr. 2012 18:29

OPPDATERT: Ei bekjent av båtførar leste etterlysinga, ringte dei om bord og fekk oppklart misforståinga.

– Det er eg veldig glad for, ikkje minst for dei som var på jobb og opna pumpa, seier Inglaug Brimsholm.

Under følgjer etterlysinga slik den sto før båtførar blei gjort merksam på hendinga:

-----------------------------------------

I 14-tida måndag la ein båt frå kai hos Bunnpris Vedholmen Landhandel utan å betala.

– Han hadde fylt for 6720 kroner, fortviler dagleg leiar Inglaug Brimsholm.

Av utskrifta frå pumpesystemet ser ho at båteigaren har prøvd å registrera kortet sitt utan hell.

Båten var på rundt 40 fot. Det var to menn om bord.

– Eg trur han har misforstått og antatt at kortet blei belasta. Dette er ikkje eit forsøk på å lura til seg drivstoff, og eg håper vedkomande sjølv finn ut at kortet hans ikkje er belasta.

Brimsholm har informert politiet. Ho har også ringt banken for å be dei hjelpa til med å finna båteigar via kortnummeret.

– Vi finn nok ut av dette, men om båteigaren les etterlysinga så går det litt fortare. Så slepp eg spandera drivstoff på han, 6000 kroner er litt mykje å gje vekk til framande, synes Inglaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.