Lokal | 22. sep. 2009

Stakk frå rekninga

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. sep. 2009 09:17

- I 12-tida måndag stak ein bil frå rekninga ved Best-stasjonen på Os, opplyser politioverbetjent Terje Sperrevik.

Bilen hadde falske skilt, og forskjellig skilt framme og bak. Politiet skal no gå gjennom overvakingsfilm frå stasjonen for å sjå om dei kan identifisera bilføraren, ein mann i 20-åra.

Øydelagt båt - hærverk på postkasse
Måndag i 19-tida fekk politiet også melding om hærverk. Ein ungdomsgjeng er observert i Idrettsvegen, der det ved Rema 1000 skal ha blitt øydelagt fleire postkassar.

Seinare på kvelden, i 21.30-tida, fekk politiet melding om havari ved Sandholmane. Ei snekke med fire personar i blei slept til Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.