Lokal | 19. okt. 2009

Stakk frå Strøno i båt

Mannen som stakk frå politiet i natt kan ha kome seg frå Strøno i stolen båt. (Oppdatert)

Stakk frå Strøno i båt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 19. okt. 2009 10:42

Jakta på mannen som stakk frå politiet i Os og Samnanger i natt held fram. Medan politiet sperra Strønebrua og jakta med fleire patruljar på Strøno, fann eit vitne spor i naustet sitt etter det som truleg er mannen politiet ser etter.

- Mannen skal ha vassa over til naustet til svigerfar. Eg kom inn i naustet og såg våte spor, og ein båt som låg ved kaien er vekke, fortel vitnet til Midtsiden.no.

Naustet ligg i Sørstrøno. Båten som er sakna er ein Enes 435 med 9,9 hk.

- Eg kjenner til nokre observasjonar i Rolvsvåg som gjer at at politiet sendte ein hundepatrulje inn der, fortel vitnet.

Dette skal vera makkaren til han som stakk til Strøno i natt. Han kom seg ifølgje vitnet unna då kameraten stakk av i bil, men har kome tilbake for å stela.

Politiet jaktar framleis på mannen som truleg stakk frå Strøno i stolen båt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.