Stal ballong-stativ til 12.500 kroner
– Vi har heldigvis funne både systemet og gode bilde frå overvakingskamera, seier Henning frå Lilleballong, på veg til politiet for å melda saka.
Natt til søndag blei ein boge med ballongar stolen frå Circle K-stasjonen i Os sentrum. Bogen var del av dekorasjonen på opningsfesten onsdag i førre veke, og blei ståande nokre dagar etter markeringa.
– Det er ikkje ballongane som er problemet, men dei tok med seg heile systemet, ein boge som skal tola storm, og som kostar 12.500 kroner, fortel leverandør Henning Heimdal i Lilleballong.
Lilleballong har eit breitt spekter av dekorasjonar basert på ballongar, og har bland anna tre slike bogar som blir brukt om igjen frå kunde til kunde.
Funnen i ein bekk
Henning fortel at han har blitt kontakta av enkelte forbipasserande som har observert ballongar frå den øydelagde utstillinga, flytande i Baronselva.
– Enkelte er uroa for forureining, det har jo vore ekstra mykje fokus på plast den siste tida. Eg kan informera om at desse ballongane er laga av naturgummi, er miljøvenlege og løyser seg opp raskare enn eit lauv ròtnar.
I går fekk han tips om at bogen låg i bekken som renn ned Holt, frå Os Næringspark under vegen ved Best-stasjonen.
Blir meldt
Bogen er heldigvis like heile, men Heimdal vil melda tjuveriet.
– Eg har sett bilda frå overvakingskamera ved Circke K-stasjonen, og dei er gode. Det er to unge gutar med hette og caps på bildet, ikkje fulle folk, som eg først trudde.
– Dei har nok trudd at det var helium i ballongane, at dei skulle ha det litt vittig, men det er det ikkje i ballongane i desse bogane.
Heimdal er skuffa over tjuveriet og er i skrivande stund på veg til lensmannskontoret for å melda saka.