Lokal | 02. mars 2020

Stal to bilar frå firma i Os

Den eine er funnen igjen.

Stal to bilar frå firma i Os
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. mars 2020 09:11

Søndag litt over klokka 12 blei politiet kontakta av eit firma med adresse i Os sentrum.

– Eigar fortalte om innbrot og tjuveri av to firmabilar, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet vil foreløpig ikkje ut med bilmerke, men seier det er to varebilar av ulike merke som er stolne.

Den eine blei funnen igjen i eit nabolag rundt to kilometer vekke, nær bustaden til ein kjenning av politiet.

– Det er sikra spor i bilen.

Den andre bilen er framleis etterlyst. Denne skal vera registrert passert gjennom bomringen i Sandviken etter å ha køyrd om Arna og Åsane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.