Lokal | 21. nov. 2018

Stal diesel for 75.000 kroner

Ber om tips etter at Os vgs sin tank blei tømt.

Stal diesel for 75.000 kroner
Os vgs, her ved tilbygget som var nytt i 2017. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. nov. 2018 10:08

Måndag for ei veke sidan blei tjuveriet oppdaga, måndag for to dagar sidan fekk dei ut loggen frå anlegget.

– Det er stole over 5000 liter med diesel i løpet av to omgangar, fortel rektor Johan Henrik Lassen.

– Vi har to dieseltankar, éin på 10.000 liter med blank diesel, éin på 5.000 liter med farga diesel til anleggsmaskiner. Den siste hadde dei ikkje rørt. Målaren på tanken som tar 10.000 liter blei lest av fredag 9. november. Då var den 53 prosent full. Måndagen etter var den tom.

Låsen på anlegget var brote opp. Os vgs har no skjerpa tryggleiken på anlegget, og vil i tillegg installera kamera.

Ber om tips

Dieselen har ein verdi på rundt 75.000 kroner.

Første tapping var i 23.30-tida laurdag 10. november, den andre var klokka 02.30 natt til søndag 11. november.

Etter å ha gjort interne undersøkingar, og venta på logg frå tappinga, skal dei i dag melda tjuveriet til politiet.

– Vi håper det kjem inn tips som kan føra til at syndarane blir tatt, seier rektor.

Fleire tjuveri

Tjuveriet helga 10. og 11. november er det største i haust, men ikkje det første.

– Då vi kom tilbake etter haustferien var nesten alle anleggsmaskinene våre, av dei som sto ute, tappa for diesel.

– Kor mange liter det er snakk om, veit vi ikkje, men det var i tillegg ein del maskiner dei ikkje hadde sett lokket på igjen. Med dei nedbørsmengdene vi hadde, var det stor fare for at det kom vatn på dieseltanken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.