Stal fire moskusender
Familien Mortensen fryktar at husdyra blir julemiddag hos tjuvane som i helga slo til på Skeie.
Laurdag morgon oppdaga familien Mortensen at huset til endene var opna og at alle dei fire moskusendene var vekke.
– Døra til andehuset var stengt fredag kveld og det er heller ingen teikn til kamp mot for eksempel rev. Det ligg ikkje ei einaste fjør igjen, fortel Ragnhild Mortensen.
Familien har hatt moskusender i 16 år. I andehuset var ei mor og tre fullvaksne ungar.
– Dei er utruleg kjekke dyr å ha, og dei gjer blant anna nytte for seg ved å eta sneglar. Dessutan er vi veldig glade i dei, fortviler ho.
Tjuveriet blei oppdaga då mannen var ute etter ved i 6-tida laurdag morgon.
Ragnhild har ikkje høyrd om tilsvarande tjuveri andre plassar, men reknar med at tjuvane har orientert seg på førehand.
Framand bil på besøk
Rundt andehuset, som var stengt, er eit gjerde. I tillegg er hagen inngjerda.
– Andehuset ligg bakerst i hagen, så dei som har tatt endene må ha sjekka ut eigedomen vår på førehand.
Fredag kveld var sonen åleine ei stund. I 20.30-tida var ein framand bil på tunet. Nokon var også og kjente på husdøra før bilen forsvann, men guten opna ikkje.
– Vi fryktar at endene blir julemiddag. Vi ønskjer òg å åtvara andre som har ender, seier Ragnhild.
Forholdet er meldt til politiet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.