Lokal | 09. nov. 2012

Stal mobil, køyrde uvøren

Mobiltelefon stolen, har ein mistenktBil køyrde på feil side av Lepsøyvegen

Stal mobil, køyrde uvøren
ill.foto: Andris Hamre
Andris Hamrefredag 09. nov. 2012 09:32

Under eit besøk på biblioteket i 15.30-tida torsdag blei gjesten fråstolen mobiltelefonen sin.

- Det blei observert ein person som framstår som mistenkt.

- Vi har ikkje funne att mobilen eller vedkommande, men har tips å jobbe etter, fortel politibetjent Rune Fimreite.

Køyrde på feil side

I 20.30-tida torsdag kveld fekk politiet melding om ein utenlandskregistrert kvit stasjonsvogn som køyrde på feil side av Lepsøyvegen.

- BIlen skal ha køyrd på feil side over ei lengre strekning.

- Meldar observerte bilen sist i Lepsøykrysset då den svingte mot Os.

- Patrulja var ute og såg etter den, men fann ikkje den aktuelle bilen, seier Fimreite.

Politiet gjennomførde også ein trafikkontroll i Ulvenvegen i 23-tida.

- 15 førarar blei kontrollerte, ingen reaksjoner blei gitt, avsluttar politibetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.