Stal prosjektor
Politiet er interessert i tips etter innbrot ved Os vidaregåande skule natt til måndag.


Måndag oppdaga vaktmeisteren ved Os vidaregåande skule at nokon hadde brote opp eit vindauge i HAV-bygget ved Os vidaregåande skule.
- Eg venninne som gjekk tur forbi skule på sundag ringte meg og sa at det var spor etter innbrot, på ein del av skulen der ho ikkje trudde det var noko av verdi, fortel ei av dei tilsette til midtsiden.no.
Dette er truleg ei luke i bygningen ved sida av der det var innbrot natt til måndag.
- Vaktmeisteren, som har ferie, var innom måndag. Då bad eg han sjekka, og han fann spor etter innbrot i HAV-bygget, ei brakke med to klasserom.
Ein prosjektor er sakna. Fleire ting kan vera tatt frå dei to klasseromma. I etterkant viser det seg at alarmen ved skulen blei løyst ut to gongar natt til måndag.
- Vi er interessert i tips om aktivitet i området mellom midnatt og klokka 4 natt til måndag, seier politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.