Lokal | 02. aug. 2018

Stal taxi på Minde, tatt på Os

To menn i 30-åra stal taxi i Bergen. Turen gjekk via Arna til Os.

Stal taxi på Minde, tatt på Os
Taxien blei stolen ved denne Esso-stasjonen på Minde (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 02. aug. 2018 08:11

Onsdag morgon i 6-tida skulle ein taxisjåfør fylle drivstoff på Esso-stasjonen på Minde. Han lot nøklane stå i tenninga då han gjekk inn for å betala. To menn i 30-åra såg sitt snitt til å overta taxien.

Turen gjekk i ein vill ferd via Kanalvegen i feil køyrefelt, via Arna til Os.

– Bilen blei funnen utanfor ein bopel i Os nokre timar seinare og dei to menna blei gripen. Ein av dei er heimehørande i Os, fortel konstituert politioverbetjent Thomas Juulseth ved Os og Austevoll lensmannsdistrikt.

Mistenker ruskøyring

Juulseth fortel at saka blir etterforska av politiet i Bergen.

– Det genererte litt gjøremål for oss også, med å pågripe dei to og å få returnert bilen til eigar, men saka bli etterforska av kollegane i Bergen.

– Det er mistanke om ruskøyring og dei to blei sett i arresten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.