Stal verktøy for 100 000
Natt til tysdag braut tjuvar seg inn i to hus under oppføring i Halhjemsmarka. Tok med seg verktøy for minst 100 000 kroner.
Politiet fekk tysdag formiddag melding om innbrot i to hus under oppføring i Halhjemsmarka.
– Innbrota skal ha skjedd natt til tysdag. Frå det eine huset er det rapportert at det er stole verktøy for omlag 100 000 kroner, blant anna ei sag, ein kompressor og ein lasermålar, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.
Ber om tips
Det er mange som kjem ut i Halhjemsmarka for å sjå på hus og hus under oppføring.
– Det er mykje trafikk i området, men den eine meldaren fortel at han spesielt hadde lagt merke til ein rusten og bulkete kvit Toyota Hi-Ace. Vi veit ikkje om denne er tilknytta sakene, men er interessert i om andre har tilsvarande eller andre observasjoner.
– Då ber vi dei kontakta oss, avslutter Fimreite.
Lensmannskontoret kan kontaktast på 56 30 39 00 eller på 02800.