Sport | 17. des. 2016

Stallen til Os 2 er tatt ut

Etter nesten tre veker med testing har ny trenar Karl Kvile no tatt ut ein stall med ungdomar.

Stallen til Os 2 er tatt ut
Vegard Hjelle og Fabian Bødtker er to av dei 23 som er tatt ut til Os 2-stallen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. des. 2016 11:20

Os 2, som i år har vore oppom 4. divisjon igjen, fekk i november ny hovudtrenar.

Karl Kvile skal, saman med Odd Jarle Hjelle og Kristian Bødtker, leia dei beste juniorane i kamp saman med reservane på A-laget.

– For å få ei passeleg stor treningsgruppe ville eg ta ut ein stall no før jul, fortel Kvile.

Det blir trening 6 dagar i veka i januar og februar. Os 2 skal dessutan på treningsleir til same tid og stad som A-laget, men med eige opplegg på eigen bane.

Nesten tre veker med testing

Kvile har hatt juniorane til Os i trening i nesten tre veker. Nokre av spelarane kjente han til frå før. Den nye trenaren har blant anna sett fleire Os 2- og juniorkampar på tampen av årets sesong.

– Det har blitt ein del fysiske testar. Enkelte er veldig langt framme, men det er òg eit stort sprik. Det som er felles for alle er at dei viser veldig stor treningsvilje, med godt humør og hard innsats for å kjempa om plass på laget.

– Nokre sa ifrå i forkant, at dei ikkje vil følgja eit så tett treningsopplegg, og det er ei ærleg sak. Det er dessutan betre at dei seier ifrå med éin gong, enn at dei tar opp plassen til andre. Vi kan ikkje ha nokon som kjem i april og seier at dei ikkje orkar.

Tok ut 23 spelarar

Første uttak er tatt, men Kvile presiserer at døra ikkje er lukka i nokre retningar.

– Snarare tvert imot. Det er ikkje så mykje som skil gutane og det er vanskeleg å ta ut ei gruppe. Men 30 spelarar er for mange i det opplegget vi vil køyra i vinter.

Det er tatt ut nokre fleire enn først planlagt.

– Årsaka er at A-stallen ikkje er heilt spikra, og det kan koma til å bli eit par av dei vi tar ut som raskt blir tatt opp på A-laget.

23 spelarar, inkludert to keeperar, er tatt ut. To av desse er skadd og har ikkje fått vist seg fram, men blitt tatt ut på bakgrunn av slik tidlegare trenarar kjenner dei.

– I uttaket har vi spelarar frå 15 til 18 år (fødd frå 2001 til 1998). Der vi har vore på vippen mellom yngre senior og ein juniorspelar har vi valt juniorspelaren, for å unngå at vi til våren står med ein seniorspelar som ikkje speler for Os 2 og dermed ikkje har kamp-arena.

– Os Fotball har tre seniorlag, tre juniorlag og tre gutelag, og skal ha ein arena for alle, meiner Kvile.

Her er spelarane som er tatt ut til Os 2:

Keeperar: Erlend Hevrøy og Glenn Hjelle
Backar: Fredrik Haustein, Harry Moore, Alexander Tøssebro, Trym Hjørnevik og Fabian Reiertsen
Midtstopperarar: Vegard Ludvigsen, Vegard Skeie, Anders Skaar, Ludvig Egge Drange og Erik Enes
Sentrale midtbanespelarar: Ola Lekven Moberg, Tobias Nøss, Simon Moberg Søvik, Vegard Hjelle og Jonas Hovland
Kantar: Ådne Onarheim, Steffen Kvamsdal, Markus Sørås Bjørnevik og Joakim Forstrønen
Spissar: Fabian Bødtker og Eric Skorpen

I januar startar oppkøyringa, med seks treninger i veka, og både spel, roller, intensive økter i boks og individuelt tilpassa oppbygging, på programmet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.