Kultur | 08. mai 2014

Står du på venteliste?

200 år på 2 timar er så populært at Oseana no sel billettar til generalprøven.

Står du på venteliste?
Sjur Hjeltnes og Linda Eide kjem med skråblikk på dei siste 200 åra av Noreg si historie. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. mai 2014 07:48

Fredag 23. mai kjem Linda Eide og Sjur Hjeltnes med sitt «særemne», 200 år på 2 timar, der dei med historieforteljing og musikalske innslag ser på noregshistoria med skråblikk og fleire sidespor.

Dei to argumenterer mellom anna heftig for at innføringa av blokkfløyta i grunnskulen har prega nordmenn like mykje som oljefunna i Nordsjøen, og at fryseboksen sitt inntog i dei norske heimar var ei større hending for nordmenn flest enn kva Amundsen si polferd var.

– Dette slo godt an då vi sleppte programmet før jul, og over halvparten av billettane blei selt på få veker, fortel Janne Mari Hjelle.

Showet har dei siste vekene vore utselt, og Janne har skrive folk på venteliste, i tilfelle nokon måtte melda avbod.

Opnar for publikum kvelden før

– Interessa er så stor at vi no har bestemt å legga ut billettar til generalprøven torsdag 22. mai.

– Det er ikkje ofte de sel billettar til generalprøve, kvifor no?

– Det er ikkje ofte vi har generalprøvar i huset. Men dette er det vi i Oseana som har produksjonen på, med Festspillene med på laget, og då har vi høve til det.

– Dette er faktisk vår første eigenproduksjon, bortsett frå då vi var medprodusent på Havfest. Då er det ekstra kjekt med så god respons.

– Generalprøva skal vera mest mogleg lik hovudframsyninga fredag, men blir likevel selt til redusert pris, seier Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.