Lokal | 14. jan. 2014

– Står og durar heile natta

Kjøleaggregat frå trailarar held naboar til Plantasjen vakne om nettene. – Vi er i dialog med sjåførane og prøver å skjerma støyen, seier butikksjef André Egebakken.

– Står og durar heile natta
Nokre av trailarane som står ved Plantasjen står med kjøleaggregatet på gjennom heile natta. (Foto. Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 14. jan. 2014 13:49

Naboar til hagesenteret Plantasjen på Gudriflaten er med ujamne mellomrom plaga av støy frå trailarar som står parkert om nettene.

– Nokre gongar i veka kjem det trailarar som står og durar frå 22-tida om kvelden til 7 om morgonen, fortel ein innringar til Midtsiden-redaksjonen.

– Det har pågått i fleire månadar. Eg kjenner til at fleire av naboane mine slit med å få sova i denne lyden. Vi har kontakta både butikken og politiet, no håper eg det snart blir slutt på støyen.

Vil flytta bilane

Butikksjef på Plantasjen, André Egebakken, forklarer at duren ikkje stammar frå bilar som står med motoren på tomgang.

– Bilane er parkert for å overhalda kviletida. Det er kjøleaggregatet, som passer på at plantene held rett temperatur, som som lager lyd.

Egebakken seier at han, etter å ha mottatt klager, har vore i dialog med sjåførane og gjort dei obs på problemet.

– Vi har funne nokre andre plassar dei kan stå, anten opp mot Byvegen eller i ein krok nærmare bygget og inngangspartiet.

– Vi håper det er til hjelp at vi flyttar bilane, for sjåførane er avhengig både av å stoppa og å kjøra temperaturregulering på lasta i bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.