Starta dagen med å stela øl
– Dagens første kundar hadde dyre jakkar, men dei ville ikkje betala for seg, seier kjøpmannen om ungdomane som sprang ut av Rema med fleire pakkar øl.
Torsdag morgon klokka 7, med det same butikken hadde opna, kom fire ungdomar inn på Rema 1000 i Idrettsvegen.
– To av dei stilte seg i kassen, to andre romsterte mykje på nede ved hyllene der ølet står, fortel kjøpmann Trond Hope.
Det var tre gutar og ei jente, alle på oppunder 20 år.
– Fleire av dei hadde hette på hovudet og dei såg ut til å kommunisera ein del på mobil. Vår tilsette fatta mistanke, og då ein av dei gjek ut av butikken med ein bag som såg tung ut, blei mistanken styrka.
Sprang frå staden med øl under armen
Etter forsøk på å vera noko diskret blei det heile toppa med at ein av dei gjekk inn igjen i butikken, kom tilbake i ein ubetjent kasse nærmast døra, og sprang ut med ein 10-pakning under armen.
– Dei sprang frå staden retning Os, vi fekk ikkje slått kloa i dei, fortel Hope.
Han synest det heile ser ut til å vera planlagt, ved at dei kom rett etter opning, når det er noko låg bemanning, og ved at dei såg ut til å prøva å distrahera den i kassen.
– Jakkar til 10.000 kroner skal dei ha, eg synest det er merkeleg at dei ikkje kan betala for litt øl, fortviler kjøpmannen.
Fann tjuvgods og narkotika på ransaking
Forholdet blei meldt og takka vera gode overvakingsbilde hadde politiet rikeleg med spor i saka.
– Vi var på ransaking i går. Der fann vi noko av tjuvgodset og dei mistenkte har erkjent forholdet.
– Det blei òg funne noko narkotika på éin av dei, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Det er fire mistenkte i saka, tre gutar/menn og ei jente. Dei tre gutane er òg sikta.
Hope er glad det blei oppklaring i saka.
– Tjuveri er eit så stort problem at vi dagleg må følgja nøye med på kva som skjer i butikkane kven som er innom. Vi har god svinnkontroll og oppdager fort om noko er vekke, og då er overvakinga av butikken god å ha.