Sport | 14. aug. 2009

Starta med 5-0

Os-spelarane såg laurdag ut til å ha brukt sommaren godt, og vann første kamp etter ferien 5-0. - Hausten blir underhaldande, seier trenar Frank Hellevik.

Starta med 5-0
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. aug. 2009 19:17

Os starta årets sesong med å kjempa hardt for å skåra mot eit svært defensivt Norheimsund-lag. laurdag var første kamp etter ferien, men på Kuventræ var det ikkje like vanskeleg å få hol på byllen.

- Heimebane har sin effekt, men viktigast er det nok at vi har blitt betre i det offensive spelet vårt, seier Os-trenar Frank Hellevik.

Os vann 5-0 (3-0) etter skåring av Torkel Hjertnes, Christian Almeland og Stian Lunde før pause, og Preben Borgen (straffe) og Ramo Racic etter pause.

- Vi har blitt flinkare til å kombinera langs bakken, vi er raske i lengderetning. Når den fysiske formen også er så god som den er, blir det ein meir underhaldande haust enn vår, spår Hellevik.

Gode innhopp
Os starta med: Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Merai, Remi Osebakken, Vegard L. Moberg, Stian Lunde, Preben Borgen, Torkel Hjertnes, Tim H. Sperrevik og Christian Almeland.

Ramo kom inn for Tim tidleg i andre omgang, i løpet av siste halvdel kom Frode Buvik og Tore Valvik inn for Almeland og Moberg.

- Tim hosta og hadde problem med pusten, medan Ramo har vore frisk i stilen i det siste. Han gjorde det også bra, med både å skaffa straffe og i skåra 5-0-målet.

Den første kampen etter sommarferien blei også veteranen Frode Buvik sin første seriekamp etter at Hellevik overtok som trenar.

- Både Frode og Tore gjorde det svært godt. Dei presterte dessutan bra for andrelaget då dei vann 5-0 måndag, seier Hellvik.

Midtsiden.no var på reise under haustens første kamp, men du kan lesa referat frå denne på osturnfortball.no

Løv-Ham 2 i neste
Neste kamp for Os går på bortebane mot Løv-Ham 2 måndag.

Andrelaget til Adecco-klubben er det einaste som til no har tatt poeng frå Os i år, og Hellevik har fått signal om at løvene også no stiller med eit bra lag. Løv-Ham 2 slo Voss 2-1 på bortebane i førre runde.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.