Næringsliv | 11. mars 2012

Starta sesongen i Dolviken

Båtmessa i Dolviken er utvida i både storleik og besøkstal. Litt sal blei det òg.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. mars 2012 21:16

Bildeserie:

Den første messa i Dolviken var i haust. No har messa blitt større. (Foto: KVB)
Den første messa i Dolviken var i haust. No har messa blitt større. (Foto: KVB)
Stilige Askeladden Center i Dolviken. (Foto: KVB)
Stilige Askeladden Center i Dolviken. (Foto: KVB)
Utvida:Til saman 4000 kvm av messa er under tak. (Foto: KVB)
Utvida:Til saman 4000 kvm av messa er under tak. (Foto: KVB)
Lovleg? Vassjet side om side, "ikkje forbode" skal vi tru seljaren. (Foto: KVB)
Lovleg? Vassjet side om side, "ikkje forbode" skal vi tru seljaren. (Foto: KVB)
Ola Alexander og Torbjørn sel tur med rib - og rib, om du vil eiga sjølv. (Foto: KVB)
Ola Alexander og Torbjørn sel tur med rib - og rib, om du vil eiga sjølv. (Foto: KVB)
Også innandørs var det store båtar. (Foto: KVB)
Også innandørs var det store båtar. (Foto: KVB)
Dei finaste var styla av GH Interiør på Os. (Foto: KVB)
Dei finaste var styla av GH Interiør på Os. (Foto: KVB)
Messa omfatta også nabohamna. (Foto: KVB)
Messa omfatta også nabohamna. (Foto: KVB)
Der fann vi blant anna Delta 26 Open. (Foto: KVB)
Der fann vi blant anna Delta 26 Open. (Foto: KVB)
Kjempemotor og retro-påhengs. (Foto: KVB)
Kjempemotor og retro-påhengs. (Foto: KVB)
1 av 10

– Sidan vi har gratis inngang er det vanskeleg å seia kor mykje messa har vakse frå første gong, som var i fjor haust. Men det gjekk unna 30 prosent meir vaflar, kaffi og pølser, seier Jonathan Dyrstad frå Båtens Beste.

Askeladden-forhandlaren har avdeling i Dolviken, stilige Askeladden Center, og det er båtforhandlarane i den kjente båtbukta på Søreide som arrangerer messa.

– I tillegg til båt-bedriftene i området, og våre underleverandørar, har vi 30 eksterne utstillarar, så dette har raskt tatt form som ei fin messe, synes marknadssjef hos Askeladden, Leif Bergaas.

Båtmessa i Dolviken har gratis inngang, gratis parkering, 4000 kvadratmeter under tak og rundt 150 ulike typar båtar, frå 9 til 62 fot, i utstillinga.

Flest store båtar

Båtmessa før påske, som blei arrangert i Arenum før messesenteret i Solheimsviken blei rive, har tidlegare gjeve fleire forhandlarar ein god start på sesongen.

– Det er ikkje som før, med fleire titals selte båtar, men besøket på messa var bra og interessa stor. Fleire forhandlarar har også selt båtar på messa, og dei fleste har nok ein del å følgja opp no i etterkant, trur Dyrstad.

– Sjølv selte vi godt på Båtens Helg i februar, då gjekk det tre båtar ut dørene, i tillegg til mange påhengsmotorar og mykje utstyr. Her nede har interessa vore størst på dei store Askeladden-båtane, så der har vi ein del på gang. Men vi selte også ein mindre båt.

Botnen nådd?

Nedgang i marknaden og to dårlege somrar på rad gjer at fleire i båtbransjen har budsjettert ganske varsamt for 2012.

– Men sånn det ser ut no blir 2012 betre enn 2011. At Finn.no har endra policyen sin kan også bli til hjelp, seier Dyrstad og forklarar:

– Mange forhandlarar har lagt ut heile rangen sin for sal, båtar dei kan skaffa, men som dei verken har i bestilling eller i utstilling. Det har gjort at det har lagt kunstig mange bruktbåtar for sal. No skal dette vera endra så det stort sett berre ligg båtar for sal som faktisk ligg i brygga eller står i butikken.

– Når det blir selt rundt 6.000 nye båtar i året, og det låg 20.000 for sal på Finn.no, såg marknaden svakare ut enn den var.

Komande messer:
20. mars startar båtmessa på Lillestrøm, 19. april blir det båtmesse i Solheimsviken.

VIDEO (01:24): Bli med på ein liten rundtur på messa i Dolviken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.