Startar fotballkafé
I ettermiddag speler Os heimekamp. I morgon kan du diskutera kampen, og andre kampar, på Amfisenteret.
Os er ubesigra heime og står med 7 poeng etter tre heimekampar.
Odda, som møter på Kuventræ klokka 16 i dag, har vunne 3 av 4 bortekampar og ligg over Os på tabellen.
– Vi merker at folk er engasjerte, og at vi har auka publikumsmengd på heimekampane våre.
– Derfor vil vi legga litt ekstra til rette for at folk kan samlast for ein fotballprat, seier Os-spelar og tilsett i Os Fotball, Mats Cato Moldskred.
Ein time på kafeen
Os Fotball tar no initiativ til fotballkafé på Amfisenteret.
– AMFI Os har vore sponsor i mange år og no går vi saman om å koordinera ein møteplass for fotballinteresserte på senteret, seier Moldskred.
– Vi har mange gjengar her frå før, Fredagsgjengen, Vaffelgjengen og andre venegjengar og faste gjestar.
– Det ville vore kjekt om dei som er ledig på dagtid ville samlast i ein eigen fotball-krok, seier innehavar av Café Flåten, Arild Birkeland.
Moldskred seier folk frå Os Fotball vil stilla kvar måndag, men at Os ikkje treng å vera einaste tema.
– Det styrer seg sjølv, vi kjem nok til å disuktera både Brann, landslaget og, i vekene som kjem, VM i Brasil, trur Os-spelaren, og ønskjer velkomen til gratis møteplass og gratis kaffi frå 12 til 13 på kafeen på senteret.