Sport | 15. jan. 2014

Startar løpskarusell

Andreas Søfteland og STIL vil supplera karusellane i Bergen med nokre lokale løp mellom Søfteland og Os.

Startar løpskarusell
Andreas Søfteland, her under Langedalen Opp i 2012, er med Søfteland TIL arrangør av ny løpskarusell. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. jan. 2014 08:30

Løpsmiljøet i Os ser ut til å veksa, med eigen motbakkeklubb og fleire motbakkeløp, som Liafjellet Opp, Mobergsdilten og Langedalen Opp.

No blir det også løpskarusell i Os.

– Løpskarusell er typisk lavsesong-aktivitet, å delta på nokre faste løp gjennom vinteren er populært også blant osingar.

– Vi er fleire som deltar på karusell i Bergen og Arna, og så er det ein del som har spurd om ikkje vi skal setja opp noko i Os, seier Andreas Søfteland.

Opp mot 100?

No vil Søfteland turn og idrettslag starta ein karusell med tre løp gjennom vinteren.

– Løpa i Bergen og Arna går måndag og torsdag, så vi arrangerer løpskarusell om onsdagane, så ikkje det krasjar.

Første løp går onsdag 29. januar, med parkering på Søfteland skule og oppvarming bort mot start på "kontrollflaten" i Hjellemarka.

– Der vil vil springa 2,5 kilometer på gangvegen mot Os før vi snur og spring tilbake til målgang der vi startar. Det blir eit lågterskel-tilbod med liten startkontingent og ikkje noko fokus på premiering.

– Kor mange ser du for deg det kan koma på ein sånn karusell?

– På Kalandseid, då dei starta med løpskarusell, kom det 8 deltakarar på første runde, og over 100 i løpet av hausten.

– Kanskje får vi til noko liknande mellom Søfteland og Os òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.