Lokal | 20. mars 2012

Startar motorklubb for ungdom

«Kjør for livet» fekk tommelen opp frå Formannskapet. Saman med Os MC & MX klubb startar dei prosjekt retta mot spenningssøkande ungdom.

Startar motorklubb for ungdom
Knut Ove Børseth frå «Kjør for livet» håpa på tommelen opp etter at han hadde presentert prosjektet i formannskapsmøtet. Det fekk han (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 20. mars 2012 14:28

Den ideelle organisasjonen «Kjør for livet» fekk i formannskapet tysdag 360.800 kroner til i første omgang eit eittårig prøveprosjekt saman med Os MC & MX Klubb. Prosjektet skal hjelpa spenningssøkande ungdom som fell utanfor tradisjonelle fritidsaktivitetar til å finna eit fellesskap og oppleva meistring.

- Forholda på Os ligg svært godt tilrette til å lykkast med konseptet vårt kor vi søkjer å gje spenningssøkande ungdom som fell utenom dei tradisjonelle tilboda.

- Ikkje minst skuldast dette eldsjelene i Os MC & MX klubb med Jane Espeland i spissen.

- Det var dei som tok kontakt med oss første gongen og som kjem til å vera dei drivande kreftane lokalt, forklarte dagleg leiar Knut Ove Børseth for formannskapet.

Med kronprinsparet på lag

Børseth er tidlegare noregsmeister og europameister i rallycross. Gjennom motorinteressa såg han mange som søkte etter det å vera ein del av eit fartsfylt lag.

- Fellesnemnaren er eit spenningsjag hos ungdomane. Eg ville laga eit prosjekt som tok ungdomane på alvor og gje dei eit alternativ.

Dei heile starta heime på Børseth sin gard i Trøndelag kor han fekk omregulert eit 40 mål stort område til aktivitetspark. Frå den første klubben heime på garden har det heile utvikla seg til å bli eit landsomfattande prosjekt kor mellom anna kronprinsparet og Johan H. Andresen jr har blitt viktige støttespelarar.

- Per i dag har vi fem aktive klubbar, blant anna ein i Åsane. I løpet av 2012 håper eg vi er oppe i ti.

Ungdom i risikosona

Avtalen med kommunen omfattar i første omgang eit prøveprosjekt kor fem ungdommar får tilbodet om å vera med i «Kjør for livet»-teamet saman med to vaksne leiarar. I tillegg blir det opne klubbdagar kor kven som helst kan koma og ta del i aktiviteten.

- Dette er ungdom som gjerne kjem til oss mellomanna via skulen fordi dei ikkje finn seg tilrette i tradisjonelle aktivitetar.

- Det er ressurssterke ungdom berre dei får på seg kjeledressen, fortalde Børseth med eit smil.

«Kjør for livet» vil gje ungdommane eit handlingsalternativ til det dei driv med i dag og la dei få utløp for spenningsjaget på lovleg vis gjennom robuste omgjevnader.

Sjølv om organisasjonen freistar å fange opp ungdommar som fell utenom har dei godt plass til også andre motorinteresserte ungdommar.

- Klubbhuset og banen ligg der. Kven som helst kan melda seg inn i klubben og vera med på dei opne aktivitetene gjennom året.

På spørsmål frå Eirik Neverdal (TvS) fortel oppvekstsjef Ingvar Torsvik at dette er eit prosjekt han trur kan dekkja eit behov blant ungdommane i bygda.

- Tilbakemeldingane frå både skulane og ungdommen er at vi treng eit tilbod med mekking og motor i tillegg til dei tilboda som allereie finns i kommunen, forklarte Torsvik, som òg håpa at prosjektet kunne utvekla seg til å bli eit tilbod også på dagtid.

Lovar folkefest

Kortid dei kjem igang med prosjektet er i skrivande stund ikkje heilt avklart.

- Det kan bli i mai, men det kan òg bli først i august. Det er eindel ting vi må avklara først.

- Det som er sikkert er at når vi kjem igang vil vi invitera alle osingar til ein folkefest på torget eller ein anna egna stad slik at alle skal få bli kjend med oss og få ein smakebit av kva vi driv på med.

- Dette er noko vi gjer på alle plassar vi etablerar oss for å vise at det handlar om heile lokalsamfunnet ikkje berre dei som er direkte med i prosjektet eller klubben, avsluttar Børseth.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.