Lokal | 09. des. 2018

Startar vaksenlivet på nytt

Hilde og Espen har sagt opp jobbane sine og lagt huset ut for sal. I romjula flyttar dei til ein liten plass i Nordland.

Startar vaksenlivet på nytt
Espen og Hilde var nøgd med alt - men lurde samtidig på; er dette alt? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. des. 2018 09:45

Bildeserie:

Her ligg Steigen. (Google Maps)
Her ligg Steigen. (Google Maps)
Landskapen som ventar det eventyrlystne paret frå Os. (Privat foto)
Landskapen som ventar det eventyrlystne paret frå Os. (Privat foto)
1 av 2
Her ligg Steigen. (Google Maps)
Landskapen som ventar det eventyrlystne paret frå Os. (Privat foto)

Har du nokon gong vore lei av jobben, fått nok av slekt og naboar eller blitt kvalm av di eiga heimbygd? Det har ikkje ekteparet Hilde Moberg og Espen Hjertaas. Likevel dreg dei ut kontakten for å flytta vekk.

– Vi er oppvaksne her, vi har familie og venar rundt oss og vi er veldige glade i arbeidsplassane våre, og i heimbbygda Os, seier Espen.

I september sa han seg opp som arrangementstekniker i Oseana. Same dag sa Hilde seg opp som arealplanleggar hos ABO plan og arkitektur. Dagen før hadde dei fortalt om planane sine til nærmaste familie.

«De har halde oss for narr!»

Dette var ein av kommentarane ekteparet fekk høyra. Heldigvis i ein spøkefull tone.

– Ideen om å flytta har vi halde heilt for oss sjølv. Vi var på ferie i Bodø ei helg i sommar. Det var i alle fall det vi sa til folk. Tanken på å flytta hadde modnast, og Hilde og Espen skulle i to jobbintervju. Vi var i Steigen og Svolvær, til saman blei det nesten 1200 kilometer i leigebil den helga.

Hilde fekk jobb hos Cermaq, i kantina ved eit settefiskanlegg med drygt 20 tilsette.

– Eg skal vaska og laga mat. Eg liker å laga mat og å ha det reint og ryddig rundt meg, og eg gler meg til første arbeidsdag 2. januar, seier Hilde.

Men det var ikkje jobb som gjorde at ekteparet fann ut at dei ville bryta leir.

Er dette alt?

Når du har hus, bil og båt, ein jobb du trivst i og eit nettverk av familie og vener. Kva tenkjer du då?

– Vi gjekk nok begge med ei kjensle av at alt blei litt for trygt og godt, at du fekk lyst til å spørja deg sjølv «er dette alt?». «Ja», vil nok mange seia, men vi var begge klare for å prøva noko nytt, på å utfordra oss sjølv, men i omgjevnadar vi reknar med å trivast i.

Endringar har dei vore gjennom før, som i 2015, då begge brått byrja å mosjonera. Først var det raske gåturar, så blei det systematisk trening og deltaking i motbakkeløp.

– Å koma seg ut av sofaen var nok med på å setja oss på dette sporet. Ferievanane våre endra seg, frå å søka late dagar på ei solseng til alltid å inkludera aktivitet, helst fjellturar og gjerne i heimlandet.

Den perfekte staden

Då dei først byrja å leika med tanken på å flytta, blei destinasjon eit naturleg tema.

– Vi var i grunnen raske med å slå frå oss utlandet. Vi ville ikkje ha eit heilt anna samfunn, språk eller kultur, berre ein ny stad.

Hilde og Espen gifta seg i fjor. På Svalbard. Det gav meir smak på nordlegare breiddegradar. Men det måtte ikkje bli for mange månadar med mørketid.

– Med unntak av at eg var gjest i eit samebryllaup for mange år sidan, var det ingen av oss som hadde annan erfaring med Nord-Noreg frå før.

– Kriteria var at vi ikkje skulle bu i ein by, og at vi skulle vera i nærleik til sjø og fjell.

Dei søkte i terrenget rundt Bodø. Jobbtilbodet i Steigen, og inntrykket av staden, blei avgjerande.

Noregs minste vinmonopol

Steigen (lulesamisk: Stajggo) er ein kommune i Salten i Nordland, 200 kilometer nord for Bodø. Steigen er stor, ei halvøy på over 1000 kvadratkilometer (Os er 139,5), men har berre 2571 innbyggarar (1/10-2018). 2.573 om vi tel med Espen og Hilde.

– Kommunesenteret liknar litt på Os, sentralt, ved sjøen, omkrinsa av fjell og med avstikkarar til ulike krinsar og småbygder i fleire retningar.

– Men det er meir luftig, fleire fjell, høgare fjell, vakre sandstrender og seks naturreservat.

• Lurer du på kva bygd det er som lokkar? Sjå levisteigen.no

Det er ingen apotek i Steigen, då må du ta bilen i tre timar til Bodø, eller hurtigbåten, som bruker éin time, men som går berre éin gang om dagen.

– Men dei har eit vertshus, og dei har eige vinmonopol. Dette skal visst vera det minste vinmonopolet i Noreg.

– Elles er det greit med butikkar, som Klær & Krus, og ein stor Coop-butikk som sel både daglegvarer, ammunisjon (!) og fiskeutstyr.

Kjøpte hus ved sjøen

Heime i Os har dei selt båten og lagt tomannsbustaden i Auredalen ut på Finn.no. Dei har plan om å kjøpa ny båt i nord, ein smårask heilårsbåt med «pilot house». Ny bustad er allereie i boks.

– Vi bur i eit ganske nytt hus i Os, og flyttar no inn i noko eldre, men både prisen og plassen er super. Vi har dessutan god plass, i tilfelle vi får besøk. Widerøe har fått jetfly, og flyr direkte frå Bergen til Bodø, ein tur som no berre tar 1,5 time.

Einebustaden ligg 50 meter frå sjøen, berre ein bilveg og ei naustrekke ligg mellom inngangsdøra og fjorden. Bygda heiter Nordfold og ligg femten minutt med bil frå kommunesenteret.

– Vi må kanskje kjøpa oss ein bil til, for det går ikkje mange bussar i området, og Hilde treng bilen til jobb om morgonen.

Treng ny hobby og nye oppdrag

Mens Hilde har fått jobb, førebels eit vikariat, har Espen lyst å jobba frilans. Espen har utdanning innan IT, noko han jobba med i 12 år, blant anna for Posten, DNB og Haukeland universitetssykehus. I tillegg har han teknisk erfaring innan lyd, lys og bilde.

– Eg vil prøva å involvera meg i turistbransjen. Bygda har dessutan eit veldig rikt organisasjonsliv. Halvparten av ungane i kommunen går i kulturskulen.

– Med interesse for tur, turisme og løping, hadde det vore ein idé å starta eigen motbakkeklubb?

– I så fall skal den heita «Steigen to heaven», spøker Espen.

Han reknar med at både tur, trening og fotohobbyen skal få godt med pleie i ny heimbygd. Samtidig er ekteparet innstilte på å dyrka andre fritidsinteresser, som snorkling og padling.

Flyttar første juledag

Etter å ha besøkt bygda føler begge seg svært velkomne.

– Vi blei heilt overvelda over å sjå kor glade folk blei då vi sa vi ville flytta til bygda deira. Steigen ligg på ei halvøy, det er ikkje ei gjennomfartsåre eller ein typisk stad å tilfeldigvis svinga innom.

Fredag 14. desember tar dei fly til Bodø for å ta imot flyttelasset. Første juledag trillar dei Teslaen inn på Hurtigruten for å starta sitt nye liv i nord.

– Etter ein haust med førebuing synest vi sjølv at vi fortener eit lite feriecruise på veg til vår nye heimbygd, seier Hilde og Espen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.