Startar vindmålingar
Fergefri E-39: Vegvesenet startar vindmålingar for å få datagrunnlag til val av løysing for kryssing av Bjørnafjorden.
I løpet av hausten vil Statens vegvesen starta arbeidet med å kartlegga vindforholda på og ved Bjørnafjorden for ei framtidig kryssing.
– Vi håpar å komma i gang så fort som mogleg.
– Avtale med grunneigarane både på Os-sida og Reksteren skal vera klare, fortel prosjektleiar i Statens Vegvesen, Signe Eikenes.
Skal måla i to år
Statens Vegvesen vil setta opp utstyr som skal måle vindforholda både ved Bjørnafjorden og ved Langenuen.
– Utstyret vil bli ståande i to år, slik at vi får eit godt grunnlag for den vidare prosjekteringa.
– Når rekner de med at utstyret er oppe og står?
– Vi ønskjer å komma i gang så raskt som mogleg, så i løpet av hausten vil det nok vera på plass.