Lokal | 08. okt. 2018

– Statsbudsjettet slår positivt ut for Os

Dagens framlegg til statsbudsjett er god lesing for Søviknes.

– Statsbudsjettet slår positivt ut for Os
Terje Søviknes, her i sitt første kommunestyremøte på nesten to år, seier dagens forslag til statsbudsjett vil slå positivt ut for Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. okt. 2018 12:41

I dag la regjeringa fram forslag til statsbudsjett for 2019. Av postar som påverkar Os er midlar til to vegprosjekt.

I forslaget ligg ikkje uventa, midlar til vidare arbeid med E39 Svegatjørn-Rådal, men òg til planlegging av E39 Stord-Os med bru over Bjørnafjorden.

– Som vi venta, då vi nyleg diskuterte førehandsinnkreving av bompengar, blir vidare framdrift sikra med midlar frå Staten. Prosjektet er ikkje avhengig av førehandsinnkreving, seier ordførar Terje Søviknes (Frp), som sjølv fekk Frp Os til å snu med det same han kom heim frå statsrådjobben i Oslo.

– Det er i forslaget til statsbudsjett sett av pengar til arbeidet med både kommunedelplan og til å starta sjølve reguleringsplanen.

Auka pengepott til Os kommune

Slik statsbudsjettet ser ut no, vil Os auka inntektene sine meir enn snittet, både på landsbasis og i Hordaland fylke.

– Snittet for landet er 2,9 %, i Os hamnar vi på 5,3 %. Ingen andre i Hordaland er i nærleiken, med unntak av Eidfjord, som ligg på 5,4 %, seier Søviknes.

– Dette er med atterhald, det er ikkje alt vi har fått gå å djupna på allereie no.

Nokre av faktorane som er med på å gi vekst, handlar om ulike posisjonenar og roller:

• Tilskot til kommunar som fungerer som regionsenter: 4 millionar kroner
• Tilskot til vekskommunar: 13,5 millionar kroner
• Overgangsstønad for kommunar som skal slå seg saman med andre: 4,8 millionar kroner

– Eit av atterhalda er at stønad til vekstkommunar baserer seg på folkevekst siste tre år. Veksten i år ser ut til å bli lågare enn i fjor, derfor kan beløpet på 13,5 millionar, som truleg baserer seg på 2015 til 2017, bli lågare.

Oppgradering i Ulven leir?

Ein del av statsbudsjettet Søviknes har bite seg merke i, handlar om Forsvaret og ein post til Ulven leir.

– Eg ser at det er forslag om midlar til nytt skytefelt ved Ulven leir. Eg kjenner ikkje til planane, men reknar med at vi snart får informasjon om dette, seier Søviknes.

Spent på KrF

I førre veke blei det kjent at forsøket Os kommune deltar i, med statleg finansiering av eldreomsorga, skal halda fram i tre år til. Os kommune går 75-90 millionar kroner i pluss på ordninga. Fusa kan knytta seg til prosjektet frå våren 2019.

– Det gler vi oss over, men samtidig er vi spente på kva retning landsmøtet i KrF vel å ta. Om KrF går til Arbeiderpartiet risikerer vi at denne ordninga ikkje held fram i tre år til etter våren 2019.

– Ser budsjettet elles ut til å vera justert i retning KrF?

– Forslaget til statsbudsjett kom før Hareide gjekk ut og anbefalte partiet å gå til Ap og SV. Men ja, sidan regjeringa søkjer støtte hos KrF i stortinget, så er det jo tilpassa med dette målet i siktet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.