Lokal | 31. mars 2016

Statsraaden med dobbeltvitjing

Laurdag 18. juni kjem Statsraad Lehmkuhl til Os og bryggjedans. Dagen etter blir det stolte skipet første skute som legg til den nye djupvannskaia på Solstrand.

Statsraaden med dobbeltvitjing
18. juni blir Statsraad Lehmkuhl igjen å sjå ved brygga framfor Os sjøfront (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 31. mars 2016 11:13

Os har dei to siste åra fått vitjing av Statsraad Lehmkuhl, kor den vakre seilskuta har lagt framfor Os Sjøfront.

Sjå video frå innseglinga i fjor

– Laurdag 18. juni blir det igjen bryggedans med Statsraad Lehmkuhl, slik som vi hadde i fjor, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Det er ikkje så mykje rundt arrangementet som er konkretisert enno, men vi legg opp til rekebord på kaien og ombord i statsraaden.

– I tillegg blir det også i år mogleg å booka seg plass på cruise frå Bergen til Os, seier Søviknes.

Variert underhaldning

Hans Marius Johnsen vil stå for den musikalske underhaldninga på veg frå Bergen til Os. I tillegg til turen til Os skal Statsraad Lehmkuhl ha fleire skjergardscruise i Bergen, fleire av dei med Myrna Braza som musikalsk innslag.

Søviknes reknar med mykje folk i og med at det også i år er lagt opp til ølfestival på Oseana same dagen som statsraaden kjem til bygda.

– Det blir garantert ei stor oppleving i år også. Vi vil komma tilbake med fleire detaljar etterkvart, mellomanna ser vi på moglegheiten til noko meir variert underhaldning denne gangen, fortel Søviknes før han røpar at seilskuta ikkje skal på så veldig lang tokt når den forlet Os hamn søndagen.

Kjem "heim"

Første del av seglasen søndag den 19. går nemleg ikkje lengre enn til den nye djupvannskaia ved Solstrand.

– Det stemmer det. Statsraad Lehmkuhl blir den første skuta som legg til den nye kaien ved Solstrand, fortel Børrea Schau Larsen.

Les òg: Snart kan «svogeren» komma heim

Cruise med internasjonale gjester

Arrangementet på Solstrand vil vera eit lukka arrangement.

– Det var eit av dei internasjonale selskap våre som tente på ideen då vi lurte på om dei var interessert i å nytta seg av statsraaden.

– Samstundes blir det ei markering av at den nye flotte kaien vår, som har blitt eit vakkert kjærkomen tilskot til gjestene våre, er ferdig, avslutter Schau Larsen.

Arbeidet med å ruste opp kaien ved Solstrand starta då hotellet i september 2014 søkte dispensasjon frå arealplanen.

Bli med Midtsiden på innsio av Solstrand Hotel & Bad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.