Lokal | 19. jan. 2012

Status: Svanefamilien

Familien er samla igjen. Svanefar "Hamnesjefen" er betre. Pengane frå kommunen er brukt opp. Nye prøvar skal takast.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. jan. 2012 13:10

Den sjuke svanefaren i Oselvo, som blei fanga og tatt inn til Osøyro Dyreklinikk i førre veke, er betre. I tillegg til å få antibiotika blir han behandla for blyforgifting.

– Det er verkeleg tydeleg at han byrjar å bli betre. I dag då eg skulle gje han behandling så bryska han seg, og det er første gong han har gjort etter at han blei tatt inn til behandling, seier veterinær Eva Kristin Lunde frå Osøyro Dyreklinikk.

Treng nye prøvar

Antibiotikakuren er snart over. Avgiftinga for bly blir det no tatt ein pause med.

– Når du er blyforgifta blir det lagra bly i indre organ. Noko av dette blir avgjeve i blodet, og det er blyet i blodet som blir reinsa. Når vi no tar pause er det for å sjå om det blir avgjeve meir bly ut i blodet, så vi må ta nye prøvar og eventuelt halda fram med avgifting.

– Sjølv om han no er betre vil vi ikkje sleppa han før vi veit meir, det ville vore veldig trist om vi no gav opp og han skulle bli sjuk igjen, synes Lunde.

3000 kroner per prøve

Osøyro Dyreklinikk har stilt opp gratis for svana og dei privatpersonane som har vore mest ivrige med å verna om den populære svanefamilien i Oselvo.

Men sending og analyse av prøvar kostar pengar, og her har Os kommune stilt opp.

– Taket vi har fått på kor mykje kommunen vil ut med er på 10.000 kroner. Eg er redd for at vi nærmar oss stygt den summen, seier veterinæren.

Éin prøve kostar 3000 kroner. I tillegg kostar det 650 kroner å senda den inn.

– I neste veke vil vi ta nye prøvar. Heldigvis har Veterinærinstituttet i Oslo sagt at dei er så interessert i dette prosjektet at dei vil spandera nokre prøvar på svanefamilien.

Også ungane må gje blod

To av ungane blei i helga fanga og merka. Då blei det også tatt prøvar av dei, men dessverre blei det tatt for lite blod.

– Ungane må fangast igjen, for ornitologane vil ta stikkprøve av to av dei, for å sjå om dei også er smitta.

Ein av dei fem ungane var vekke frå Os hamn ei stund. Meldingar frå Midtsiden-lesarar fortalte at han då var i Øyane. Men for eit par dagar sidan kom han tilbake til Os.

I dag var det berre fire av ungane som var med svanemor i Oselvo.

Kvar kjem blyet ifrå?

Årsaka til blyforgiftinga er ikkje kjent. Det som skal vera mest vanleg når det kjem til fuglar er at dei har fått i seg eit blysøkke frå fiskereiskap.

Hamnesjefen fekk ein gong ein sluk fast i nebbet, som brannvesenet fjerna, men røntgen viste ikkje sport til fiskereiskap i den store svanekroppen.

Ein annan teori er av svanefaren har ete gras nær ein eldre båt med blyhaldig botnstoff.

Det er brannvesenet i Os so tar hand om akutte forureiningsproblem. Brannsjefen ser ikkje grunn til å mistenka Oselvo for å vera forureina.

– Det har vi ikkje grunn til å tru og vi har ikkje plan om å ta vassprøvar, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.