Klas Færøvik - berrføtt etter båt

Steget etter vannski: Korleis stå berrføtt?

– Lat ungdomen slita ut båtane sine, er Klas si oppmoding, 34 år etter at han knekte koden.

Av: Ørjan Håland

Foto/klipp: Ørjan Håland, Varde Media/Midtsiden

 

Gløym terrengløping, Klas Færøvik (48) frå Opptur Motbakkeklubb har eit meir spennande talent på flat mark. Rettelse; flat sjø.

Du har kanskje sett andre henga i bom eller på rygg bak båt på ein stille innsjø i Florida, for så å stå berrføtt bak båten.

I 1984, då Klas og kameraten Bjørn Askvik prøvde å finna nye utfordringar etter å ha stått årevis på vannski, var det framleis 21 år til YouTube blei lansert. Dei måtte dikta framgangsmåte sjøl. Det blei the hard way.

I videoen over fortel Klas korleis det var å stå berrføtt bak båt første gong.

I tillegg har han desse kommentarane til kva han meiner skal til for å klara det.

– Det er kjekt å sjå at det er mange ungar i båt, men eg håper foreldra lar dei slita ut ein 9,9 hk før dei får 50 eller 150 hk, at dei får køyra båt etter klokka 21 om kvelden, når sjøen er blikkstille - og at dei får køyra rask båt lenge før dei får tilgang på vassjet.

Sjølv heng 48-åringen berrføtt bak faren sin cirka 20 år gamle 90 hk. Ein vaksen mann klarer seg fint berrføtt sjølv om farten er under 40 knop.

– Vi lærde oss nye ting fordi farten på båten og det å stå vannski blei nesten keisamt, vi søkte etter nye utfordringar. Skal ungane gå rett frå ein lite brukt jolle med 9,9 til ein skuter med meir hestekrefter enn ein motorsykkel så hoppar dei etter mitt syn over mange trinn på stigen og rett til det ultimate.

– Eg har hatt skuter sjølv, alt anna på sjøen blir keisamt. Med mindre du allereie har lært deg det.

Fleire saker