Stein på stein
Steinen blei 10 dagar forseinka, men Os Hageservice meiner dei skal klara å bli ferdig innan fristen.


Om fire veker skal Telthusplassen stå ferdig. Os Hageservice har venta i ti dagar på steinen, men har no kome i gang med å leggja ut 40 x 60 centimeter stor granittstein på plassen mellom Torget og Kyrkjeflaten.
- Det blir 500 kvadratmeter med stein. No er vi fire mann i arbeid, og fleire kjem, så vi skal bli ferdige til fristen, 24. juni, seier Tore Færøvaag.
Også trappetrinna ned mot elva, og brua som går over, skal få granittdekke, men her blir det brukt tynnare stein enn dei 10 centimeter tjukke klossane Færøvaag legg på hovudplassen.
Utstikkaren nærmast blomsterbutikken og Baronselva skal få treplatting, ein platting på rundt 140 kvadratmeter.
Bakketeig har fått fine kantsteinar rundt det som blir eit bed bak butikken, medan Sælan truleg må opp med stillas for å mala baksida av bygningen sin så den står i stil med den flotte nye bakgarden.