Stein raste ut
Søvikåsen er stengt. I tillegg har teknisk vakt fått ein liten porsjon drittarbeid i Lysefjorden.
Det har regna tett i Os søndag, og med nedbør følgjer av og til steinras i Søvikåsen.
– Politiet fekk melding om ras i formiddag og tok kontakt med vegvesenet, som sendte oss ut, seier Birger Holmefjord, teknisk vakt i Os kommune.
Fleire store steinar
Ein stor stein, men ikkje større enn at Holmefjord med mannskap fekk fjerna den for hand, låg i vegen.
– Bilisten som meldte ifrå om raset hadde rydda vekk noko, resten tok vi. Lengre oppe i lia låg nokre større steinar, så det var berre til å få stengt vegen.
Ole Bulls veg, som vegen heiter, har fått bommar i begge endar. Desse er stengt på ubestemt tid så lenge det regnar. Det er som vanleg omkjøring rundt Åsen.
Tett toalett
I skrivande stund er Holmefjord på Lysekloster skule.
– Her er avlaupet på toaletta i administrasjonsfløyen tette, så det blei litt å henga fingrane i denne kvelden.