Kultur | 05. des. 2009

Steinen med det rare i

Mange møtte fram for å sjå Oseana sin grunnstein koma på plass. Men kva låg i blikkboksen?

Steinen med det rare i
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. des. 2009 15:27

Bildeserie:

1 av 6

Os kommune lagde ei flott ramme på dagens nedlegging av grunnsteinen til Oseana. Med faklar, utdeling av program for dagen, utdeling av kulturpris, trekking av skulptur, bod med servering av drikke, mandariner og pepperkaker, og fleire musikalske innslag, blei det ein passande staseleg seremoni.

Os Musikkforening opna showet før ordførar Terje Søviknes heldt tale.

- Vi skal ikkje la vår jobbing med fullfinansiering av Oseana få prega denne fine dagen, sa Søviknes, før han heldt fram med å fortelja om planlagt opning 1. kvartal 2011, eit kvartal seinare enn kva dei først hadde håpa på.

- Mange har spurt kor mykje av fjellveggen bak meg som blir synleg når Oseana står ferdig, og det er veldig lite. No er nokre av veggane på første etasje reiste, oppå her kjem 12 meter til.

Kulturpris til Neset, skulptur til Alutec
Årets kulturpris på 10.000 kroner blei i dag delt ut, ikkje overraskande til årets musikar, Ingrid Søfteland Neset.

Det var også trekning av vinnar av Arne Mæland-skulpturen "Dansar". Denne gjekk til Alutec AS og Espen og Knut Jarle Aspenes.

Vi kjem tilbake med meir om desse i eigne sakar.

Grunnstein med mobil, bøker og musikk
Bjørø har laga blikkboksen som i dag blei senka ned i restaurantdelen av Oseana av Per Grieg sr. I boksen ligg ting som, om nokon grev den opp ein gang i framtida, fortel om både prosjektet og Os i dag.

- I boksen ligg blant anna ein cd med ORBO & The Longshots, ein med musikk av Heidi Tronsmo og Glenn Eirik Haugland, boka til Lind og Lunde, Strålende OS, og ein mobiltelefon anno 2009, fortalte Søviknes.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.