Lokal | 12. sep. 2018

Stem Frp og Høgre for meir bompengar

Lesarinnlegg: Vil du betala over 15.000 kroner for eit naturinngrep, ei kostnadsbombe som fører til auka utslepp?

Stem Frp og Høgre for meir bompengar
Halhjem ferjekai. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. sep. 2018 18:48

Det er ein veksende motstand mot auka bompengar rundt om i landet. Bompengar som skal redusere klimautslepp, kan ha sin misjon. Verre blir det når det skal innkrevjast bompengar som vil føre til auka utslepp og massive naturinngrep.

I Os vil Høgre og Frp sørge for at ein som er avhengig av ferje mellom Os og Stord for å kome på jobb no skal måtte betale 15.318 kroner i året i bompengar.

Dette er bompengar som skal førehandsinnkrevast for å finansiera eit bruprosjekt som enno ikkje er vedtatt, og som det er stor usemje om.

15.318 kroner i året er mykje pengar for ein familieøkonomi å betale for eit luftslott, for ei kostnadsbombe, for ei bru som vil bli det største naturinngrepet i Hordaland nokonsinne, og for eit vegprosjekt som ikkje vil bidra til at vi når våre mål om mindre utslepp av CO2.

FrP er altså ikkje garantisten for mindre bompengar i Norge.
Tvert imot.

Glenn Erik Haugland
Os Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.