Kultur | 02. juni 2010

Stemningsfullt av Gjersvik

Det blei ein dempa og stemningsfull konsert då Ole Amund Gjersvik spelte på galleriet Frode Art.

Stemningsfullt av Gjersvik
Andris Hamreonsdag 02. juni 2010 08:54

Den første tysdagen kvar måned har Frode Sirevåg skipa til konsert i atelieret sitt i Buggegarden.

I går var det osing og bassist Ole Amund Gjersvik som hadde tatt med seg kontrabassen og spelte for dei 15-20 frammøtte.

Det blei ei triveleg stund kor Ole Amund spelte fleire korte sesjonar. Midtsiden var tilstades på den første delen av konserten og fikk oppleva improvisasjon i det han der og då valte å kalla "Vårkveld ved Oselvo", I tillegg spelte han eit hyllingsverk til mor og far hans.

Måtte spela noko norsk
Gjersvik fortalte historia om «Budeia» då han hadde eit oppdrag som taffelmusikar på eit hotell, og det kom ei busslast med japanarar på besøk.

Han tenkte at han no måtte spela noko norsk. Dermed byrja han å improvisera fram eit stykke inspirert av norske, eller er det eigentleg svenske, folketonar. Tonane ville ikkje sleppa taket og melodien, som har fått tittelen «Budeia», var eit faktum.

Framleis lurer han på om det verkeleg er norske folketonar han spelar. Han har spurt mange i folkemusikkmiljøet, men ikkje klart å koma fram til eit eintydig svar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.