Sport | 21. okt. 2012

Stengde buret

Oskeeper Einar Godø stengde buret i store delar av 1. omgangen då handballherrene slo BSI 42-26 heime sundag.

Stengde buret
Einar Godø i Osburet sto ein svært god 1. omgang. Her i sesongens første oppgjer mot Gloppen (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresundag 21. okt. 2012 20:19

Osherrene har fått ein draumestart på sesongen med tre sigrar av tre moglege. Sundag var det studentane i BSI som vitja Oshallen. Studentlaget stilte med berre ein utespelar som innbytter og fekk det tungt då BSI-vingen fekk direkte raudt kort etter ei hekting av Joachim Nøkleby omlag halvvegs i 1. omgangen.

- Dette var nok det svakaste laget vi har møtt så langt i sesongen, fortel Ostrenar Leif Idar Røen.

Trå start

Osherrene har gjort det til ei uvane å starte kampane litt trått. Til tross for det, tok dei føringa frå start med 5-3 etter 8 minutt og 7-3 etter 10 minutt spelt.

BSI kjempar seg inn att i kampen og ligg berre to mål bak då Røen vel å ta time-out for å få orden på troppen fire minutt før pause.

- Vi blir litt for slappe bakover.

- Takket vere ein god Einar Godø held vi oss framfor, forklarar Røen.

Time-outen hjelp og Os kan gå til pause med 16-12-leiing.

Isak og Jørgen toppscorarar

I andre omgangen fossar Os frå. Omlag halvvegs er leiinga 30-19, før sluttresultatet blir 42-26.

- Isak (Røen) og Jørgen (Wold) blir toppskårarar med 8 mål kvar.

- Også Torbjørn Hjelle gjer ein god kamp, skryt Røen.

Med sigeren over BSI ligg Os på topp med 6 av 6 moglege poeng. Kjøkkelvik på plassen bak har òg 6 poeng, men to kampar fleire spelt.

Neste kamp er mot Stryn i Oshallen 10. november.

SJÅ TABELL OG RESULTATAR HER

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.