Næringsliv | 07. okt. 2019

Stenger butikken - men ikkje drifta

GH Interiør rundar av i Os sentrum.

Stenger butikken - men ikkje drifta
GH Interiør starta i Hamnevegen hausten 2007, men flytta etter nokre år til det gamle bankbygget på Øyro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. okt. 2019 12:39

Bildeserie:

Dei vil halda fram som interiørkonsulentar for å selja møblar og tekstil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei vil halda fram som interiørkonsulentar for å selja møblar og tekstil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andre varegrupper skal over i nettbutikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andre varegrupper skal over i nettbutikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
GH Interiør har òg ein liten outlet i nabolokalet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
GH Interiør har òg ein liten outlet i nabolokalet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3

I slutten av oktober, omtrent på dagen 12 år etter at dei i 2007 opna i Hamnevegen, stenger GH Interiør døra i det gamle bankbygget på Osøyro.

– Det er fleire år sidan vi bestemte oss for å slutta frå butikklokale, men dato for avslutting har blitt flytta litt på, seier innehavar Olaug Gausvik.

– Vi har travle dagar med det andre selskapet vårt, Nor-Mær, og vi òg ønskjer å ha litt fritid av og til.

Nettbutikk og heimebesøk

Etter flytting til sentrumskjerna og sal av lokale i Hamnevegen har GH Interiør halde fram med sal av interiørvarer og tekstil. Den siste tida har dei òg hatt ein outlet i Oshjørnet.

– I utgangspunktet hadde vi plan om å legga ned firmaet, men vi har bestemt oss for å halda fram med nokre utvalte merke.

GH Interiør vil driva vidare som forhandlar og rådgjevar.

– Nokre varer blir selte via nettbutikk, i tillegg vil vi ha interiørkonsulentar som kjem på heimebesøk for sal av gardiner, gardinoppheng, møblar, søm og tekstil.

Stabil drift i fint lokale

Gausvik fortel om ganske stabil omsetnad, men litt nedgang dei siste åra.

– Vår butikk har nok, som andre, vore påverka av to år med byggearebid før bygolvet var på plass, periodar med stengte gater og ei utfordring med parkering til kundane våre. Men det var ikkje sånn at vi måtte avvikla butikken, det er noko vi har valt sjølv.

G.H. Interiør AS har lagt på 2,5-3 millionar i omsetnad dei siste åra, søsterfirmaet Nor-Mær AS, som familien hadde frå før, sel oppdrettsanlegg og flåtar for over 20 millionar i året. Nor-Mær flagga heim til Os for to år sidan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.