Lokal | 12. des. 2014

– Stenger døra for tidleg

Os Ap seier nei til at Os skal slå seg saman med andre kommunar. Det får varaordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap), til å reagera.

– Stenger døra for tidleg
Atle Kvåle, varaordførar i Fusa, reagerer på det tidlege standpunktet til partikollegaene i Os Ap. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. des. 2014 09:30

Basert på det vi vet i dag sier Os Arbeiderparti «Nei takk, Bergen» og «Beklager, Fusa og Tysnes», skriv Lars Atle Skorpen i eit lesarinnlegg publisert på Midtsiden.no onsdag.

– Eg har ikkje noko med det indre livet i Os Ap å gjera, men sånn eg tolkar dette innlegget så står eit samla Os Arbeiderparti bak, og dei melder seg ut av den diskusjonen heile Kommune-Noreg no er inne i, seier partikollega, varaordførar i Fusa og fylkestingmedlem, Atle Kvåle.

– Det synest eg er overraskande og trist, det blir litt sånn «Drit i Norge, leve Toten», i ei fase der Os bør vera opne og rause. Eg opplever god dialog med posisjonen i Os, Frp og Høgre, om ein reform som 85 prosent av stortinget står bak, ikkje minst Arbeiderpartiet.

For tidleg å konkludera?

«Slår vi oss sammen med Fusa, eller en/flere av våre andre hyggelige naboer, blir det trolig slik at det vi sparer i Os på å være kompakt og i vekst, vil forsvinne til å finansiere nabokommunenes dyrere løsninger. Osingen må subsidiere fusingen og tysnesingen» skriv Skorpen.

– Om du allereie no ser at ei samanslåing ikkje er gunstig, er det ikkje då best å vera ærleg og tydeleg, i staden for å lata som om døra er open, for så å stenga den rett før frist? Ville ikkje det vera å halda folk for narr?

– Det er framleis for tidleg å veta kva ressursar og korleis infrastrukturen og pengestraumen blir i ei eventuell framtidig samanslåing. Med mindre Skorpen sit på informasjon som ingen andre i Noreg har fått synest eg han og Os Ap er for raske med å konkludera, seier Kvåle.

Skorpen sjølv seier nettopp «basert på det vi veit i dag» i sitt innlegg. Kva veit Os Ap i dag?

– Fylkesmannen gav oss tal i detalj på kva midlar ei samanslåing vil utløysa og det er snakk om småpengar. Med mindre det kjem nokre dramatiske endringar så er det rimeleg tydeleg korleis situasjonen vil bli om vi slår oss saman med andre kommunar, seier Lars Atle Skorpen til Midtsiden i dag.

Kvåle meiner likevel at tida ikkje er rett for å ta standpunkt.

– I denne fasen bør dialog vera eit nøkkelord. Her lukker Os Ap døra for tidleg, meiner han.

– Best å vera tydeleg

Avtroppande ordførarkandidat Skorpen stadfestar at Os Ap står bak innhaldet i lesarinnlegget onsdag, og at dette kjem i partiprogrammet til valet neste år.

– Fire gongar i inneverande valperiode har eg ytra vårt standpunkt frå talarstolen i kommunestyret. Det overraskar meg at vi er det einaste partiet i Os som er tydelege i denne viktige saka.

– Det hastar meir enn mange trur, skal du få den økonomiske pakken frå Staten i ei eventuell samanslåing må denne fulførast i 2016.

– Men eg håper at vi med Os Ap sitt tydelege standpunkt snart kan få fram kva dei andre partia i Os meiner om saka, seier Lars Atle Skorpen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.