Lokal | 16. juli 2018

Stenger eitt felt av Hatvikvegen

Arbeidet med å utbetra gangfeltet mellom sentrumskjerna og Esso er i gang.

Stenger eitt felt av Hatvikvegen
I dag blei det dumpa to lass med grus ved gangfeltet, som no blir utbetra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. juli 2018 13:54

Det blir fiksa fortløpande, i løpet av året, fekk Midtsiden opplyst i april.

No er arbeidet med utbetring av gangfeltet mellom Torggata og Esso, over fv 552 Hatvikvegen, i gang.

Når arbeidet kryssar vegen skal vegen stengast.

Informasjon om stenginga ligg ikkje på nettsidene til Statens vegvesen, men via telefon får vi opplyst at vegen ikkje blir heilt stengt.

– Det blir periodar med berre eitt ope felt, men dette blir på nattestid, og med dirigering.

Denne delen av arbeidet startar truleg natt til tysdag, men det er ikkje stadfesta.

Det er sett av 2 millionar kroner til jobben. Arbeidet heng saman med eit prosjekt på Hegglandsdalsvegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.