Næringsliv | 28. okt. 2011

Stenger etter 22 år

Faghandelen på lyd og bilde, Lehrmann's Radio og TV, stengte torsdag døra for godt.

Stenger etter 22 år
Andris Hamrefredag 28. okt. 2011 15:33

I «alle år» har Lehrmann's Radio og TV vore å finna på enden av Telthuskvartalet.

Onsdag kveld kom kjenninga om at det var opna konkursbehandling av selskapet etter at Skatt Vest hadde tatt firmaet til skifteretten.

- Vi fekk merka finanskrisa, men har heile tida hatt tru på at det skulle snu, fortel dagleg leiar Leif Idar Røen.

Han fortel det er vemodig og tungt å gje seg etter så lang tid. Røen har jobba i på Osøyro, i same bransje, i 30 år. Dei siste 22 med eige selskap.

Kundane har vore trufaste og gjeve motivasjon for å halda fram, men dei to siste åra har det ikkje vore rom for å ta ut løn for arbeidet.

I tillegg har Røen gått inn med private midlar for å halda hjula i gang.

Kjedene; faghandelens død?

Andre spesialforretningar som Kolaas Foto og Kleiven Kjøtt har tidlegare i år valt å setja kroken på døra. Frå andre delar av landet kjenner vi til tilsvarande trender kor fagbutikkar ser seg nøydde til å stenga. Har marknaden no blitt slik at det er ikkje er mogleg å driva ein faghandel?

- Tja, sei det. Det er i alle fall slik at folk er veldig opptatt av pris.

- Netthandel og kjedekonstellasjonane sloss knallhardt på pris. Det gjer at fortenesta på denne type produkt har blitt marginale for forhandlerane.

- Vi har valt å satsa på service og oppfølging, men etterdønningane etter finanskrisa, som råka elektronikkbransjen hardt, blei til slutt for langvarige og tøffe for vår del.

Held fram med montering

I Osbygda har det lenge vore ei allmenn oppfatning om at fekk du problem med TV-en, mobilen eller parabolen var det berre å stikka innom Leif Idar så fiksa han det.

- Heile det siste året har det vore opp mot 12-timarsdagar inkludert, laurdagane, med motering, oppfølging og service i tillegg til butikkdrifta.

- Eg merka at det etterkvart byrja å gå på helsa laus, fortel ein ærleg Røen.

- No tek eg meg fri nokre dagar, før eg så smått startar opp for meg sjølv med prosjektering, montering og service av parabol, TV, lyd og bilete.

Sjølv om Røen no avsluttar butikkdrifta vil han framleis ha tilgang til dei same leverandørane og produkta som tidlegare.

- Om eg skal halda fram for meg sjølv eller om eg skal byrja å jobbe for andre veit eg ikkje heilt enno. Eg har framleis mykje å by på etter 30 år i salg og service og kunne tenkja meg å arbeida i eit fellesskap, avsluttar Røen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.