Lokal | 25. juli 2011

Stenger for fakkeltoget

S. Tvedt har faklar til utlån, AMFI Os stenger tidleg for at tilsette skal få gå i tog og kyrkja held ope hus i kveld..

Stenger for fakkeltoget
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. juli 2011 11:29

Klokka 18 måndag ettermiddag blir det arrangert fakkeltog frå Os Rådhus til Os minnepark.

Fleire har kome med spørsmål om kvar ein kan få tak i faklar. Midtsiden har prøvd å få tak i styremedlemmar i Os Sentrumsforening, men dei vi har fått tak i har ikkje kjennskap til kvar foreininga sine faklar er.

I mellomtida har Tove Tvedt Skarstein hos S. Tvedt AS gått til innkjøp av 400 nye faklar.

– Desse deler eg ut framfor rådhuset til dei som vil låna, seier Tove, på veg til forhandlar for å henta.

AMFI stengt frå 17.30

På AMFI Os, som vanlegvis har ope til klokka 20, blir det i dag stengt frå klokka 17.30.

– Eg vil at dei tilsette i butikkane skal få høve til å delta i fakkeltoget. Det som har skjedd i Oslo og på Utøya er heilt grusomt, så når dei arrangerer fakkeltog i Os vil eg at flest mogleg skal få sjansen til å visa si støtte til ofra og dei pårørande, seier eigedomssjef i AMFI, Solveig Oksholm Hunhammer.

Open kyrkje

Os kyrkje held ope hus i kveld etter fakkeltoget.

– Vi held ope for dei som treng ein stille stad å vera etter seremonien, seier kapellan Geir Sakseid.

Presten Sakseid vil sjølv vera i kyrkja i kveld om nokon treng ein å snakka med.

– Vi held ope til rundt klokka 20, men klokkeslettet er ikkje endeleg bestemt. Vi ser korleis behovet blir og kor lenge folk vil bli sitjande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.